Bilde og namnetrekket til Kamilla Neumannová.

Camilla eller Kamilla er kvinnenamn danna av det latinske slektsnamnet Camillus, som kan bety 'altertenar'. Camilla har svensk namnedag den 7. mars og norsk den 12. august.

Namnet kan òg stavast Camila eller Kamila, der den siste forma òg kan vera eit arabisk kvinnenamn danna av Kamil, 'fullkomen'. Andre former av namnet er Kamille og Camille, der det sistnemnde òg kan vera eit mannsnamn. Mille og Milla er kortformer av namnet.

BrukEndra

Namnet var særs populært i Noreg sist på 1900-talet. Sist i 1970-åra og i åra rundt 1990 fekk over 1,5 % av nyfødde jenter namnet Camilla. Skrivemåten Kamilla hadde sitt høgdepunkt i åra rundt 1995, då over 0,35 % av nyfødde fekk namnet.

I 2009 heitte 13 386 norske kvinner Camilla, 2070 Kamilla, 162 Kamila og 68 Camila.

NamneberararEndra