Kamila Skolimowska
Kamila Skolimowska (4. november 1982–18. februar 2009) var ein polsk sleggjekastar frå Warszawa som vart olympisk meister i øvinga under OL 2000 i Sydney, knapt 18 år gammal. Ho vann elles ein sølvmedalje i EM 2002 og ein bronsemedalje i EM 2006.
Kamila Skolimowska | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 4. november 1982 Warszawa |
Død | |
Yrke | sleggekaster, friidrettsutøvar |
Språk | polsk |
Kamila Skolimowska på Commons |
Aktiv
endreSkolimowska vart lagt merke til allereie som 15-åring, ho vann då sleggjetevlinga under junior-VM 1997. To år seinare gjorde ho ei liknande bragd då ho gjekk til topps under ungdoms-VM 1999 i Bydgoszcz.
Kort tid føre Sommar-OL 2000 slengde Skolimowska sleggja over 70 meter for fyrste gong. I Sydney auka ho til 71,16 meter og vann gullmedalje med nær 1,5 meters margin til Olga Kuzenkova og bort i to meter til Kirsten Münchow. Ho var den yngste gullvinnaren på friidrettsbana i Sommar-OL 2000.
Skolimowska kom på fjerdeplass i friidretts-VM 2001 i Edmonton, 82 cm bakom bronsevinnar Bronwyn Eagles frå Australia. Året etter tok ho sølvmedaljen ved EM i friidrett 2002 i München. Deretter vart ho nummer åtte ved VM 2002 i Paris, fem under sommarleikane 2004 i Aten og seks i verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki. Fire dagar etter VM-finalen vann ho sleggjetevlinga under universiaden i Izmir med eit bestekast på 72,75 m.
Skolimowska sikra seg bronsemedaljen då EM 2006 fann stad i Göteborg. Den 11. mai 2007 sette ho med 76,83 meter sin 17. polske rekord. Tre månader etter vart ho nummer fire i Osaka-VM. Ho kvalifiserte seg til OL-finalen 2008 i Beijing, men hadde ikkje eit einaste godkjent finalekast.
Vinteren 2009 døydde Skolimowska brått under ein treningsleir i Vila Real de Santo António i Portugal. Dødsårsaka var fastslått å vere lungeemboli.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1998 i Budapest: Nr 7 – 62,68 m
- VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (50,38 m =nr 21)
- OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 71,16 m, framom Olga Kuzenkova (69,77 m)
- VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 68,05 m
- EM 2002 i München: Sølvmedalje – 72,46 m, bakom Olga Kuzenkova (72,94 m)
- VM 2003 i Paris: Nr 8 – 68,39m
- OL 2004 i Aten: Nr 5 – 72,57 m
- VM 2005 i Helsinki: Nr 7 – 68,96 m
- EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje – 72,58 m
- VM 2007 i Osaka: Nr 4 – 73,75 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 12
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kamila Skolimowska» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2016.