Can You Hear Me? av David Bowie

Can You Hear Me?
av David Bowie
frå albumet Young Americans
A-side

Golden Years

Utgjeve November 1975
Innspelt Januar – august 1974
Studio
Sjanger Blue-eyed soul
Lengd 5:04
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Bowie, Tony Visconti, Harry Maslin

«Can You Hear Me?» er ein ballade av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans Young Americans frå mars 1975.[1] Bowie kalla det ein «verkeleg kjærleikssong», skriven med nokon i tankane, som han ikkje identifiserte.[2] Songen kom ut som B-sida til songen «Golden Years» i november 1975.

Chris O'Leary skriv at «Can You Hear Me?», med si skuld og «utstuderte uro», er «overdådig og berre introen er meisterleg»: «Once we were lovers / Can they understand? / Closer than others, I was your / I was your man.» Altsaksofonen vert spelt av David Sanborn kjem inn i tredje verset «som ei konkurrerande vokallinje». Arrangementet og «den vesle katedralen av røyster» dekkjer over den «patetiske mannen i hjartet av songen».[3]

Songen var skriven av Bowie, produsert av Bowie, Tony Visconti og Harry Maslin, med Carl Paruolo som lydteknikar.[4] Korvokalistane på snogen var den 24 år gamle Luther Vandross heilt i byrjinga av karrieren hans.[5]

Innspelingar endre

Songen vart først spelt inn 1. januar 1974 under namnet «Take It In Right» i Olympic Studios i Barnes i London.[4][6] Som «Can You Hear Me?» vart han meint for soulalbumet The Gouster, spelt inn i 1974, men ikkje gjeve ut før plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016.[7][8]

Bowie valde i 1974 å la den skotske songaren Lulu spelte inn songen, noko dei gjorde i lag 25. mars, igjen i Olympic, og 17. april i RCA sitt studio i New York.[4][6] Det var under denne innspelinga i New York at Bowie først møtte gitaristen Carlos Alomar, som vart ein viktig bidragsytar.[6] Bowie meinte at Lulu hadde potensiale til å bli ein stor soulsngar. «Lulu har denne flotte stemma, og ho er blitt feildirigert i alle desse åra,» sa han i eit intervju i 1974. «Folk ler no, men dei vil ikkje le om to år, berre vent! Eg produserte ein singel med ho – 'Can You Hear Me' – og det er den retninga ho kjem til å ta. Ho har ei verkeleg soul-stemme, ho kan få kjensla til Aretha, men ho har vore så feildirigert.» Han sa han ønskte å ta ho til Memphis og spele inn eit album med henne og eit band. I følgje Nicholas Pegg er innspelinga til Lulu av «Can You Hear Me?» «ein av dei tapte heilage gralane for Bowie-fansen».[6]

13.-18. august 1974 spelte Bowie inn «Can You Hear Me?» i Sigma Sound i Philadelphia for Young Americans.[4][6] In august 1975 sa han til Anthony O'Grady i eit intervju for New Musical Express: «'Can You Hear Me' var skriven for nokon, men eg vil ikkje sei kven. Det er ein sann kjærleikssong. Eg tullar ikkje.»[2]

Eit konsertopptak spelt inn 20. oktober 1974, under den tredje delen av Diamond Dogs-turneen, kom ut i 2020 på I'm Only Dancing (The Soul Tour 74). Bowie song òg songen live den 23. november 1975 i lag med Cher, på The Cher Show på CBS.[6]

Medverkande endre

 
Bowie og Cher song «Can You Hear Me?» live den 23. november 1975.

Kjelder endre

  1. Easlea, Daryl (2007). «David Bowie Young Americans Review». BBC Music. 
  2. 2,0 2,1 O'Grady, Anthony (23. august 1975). «Dictatorship: the Next Step?». New Musical Express. 
  3. O'Leary, Chris (2015). Rebel Rebel: All the Songs of David Bowie from '64 to '76. Alresford, Hants: Zero Books. s. 356. ISBN 978-1-78099-244-0. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 O'Leary 2015, s. 351–352.
  5. Slate, Jeff (23. september 2016). «The Making of David Bowie's Lost Soul Album». Esquire. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Pegg, Nicholas (2011). The Complete David Bowie (6th utg.). London: Titan Books. s. 54–55. ISBN 978-0857682901. 
  7. McCormick, Neil (24. september 2016). «David Bowie's lost 70s album The Gouster is like the holy grail of pop – review». The Daily Telegraph. 
  8. «'It Was Too Personal' How David Bowie's The Gouster Was Lost». Mojo. 5. august 2016. 

Bakgrunnsstoff endre