Diamond Dogs-turneen

Diamond Dogs-turneen
Turné av David Bowie

Bowie spelar i Charlotte Coliseum i Charlotte i Nord-Carolina den 5. juli 1974
Stad Nord-Amerika
Tilknytt(e) album Diamond Dogs
Startdato 14. juni 1974
Sluttdato 2. desember 1974
Talet på konsertar 73
Konsertkronologi
Ziggy Stardust-turneen
(1972–73)
Diamond Dogs-turneen Isolar-turneen 1976
(1976)

Diamond Dogs-turneen var ein konsertturné av David Bowie i Nord-Amerika i 1974 for å marknadsføre studioalbumet Diamond Dogs (1974). Slutten vart turneen vart kalla The Soul Tour, og omfattar somme songar frå det komande albumet Young Americans (1975).

Førebuingar og detaljar endre

 
Bowie under Diamond Dogs-turneen den 5. juli 1974 i Charlotte Coliseum.

To månader med øving måtte til for å bli klar til turneen, dels på grunn av avanserte rekvisittar og sceneshow (som skal ha kosta 275 000 per sett,[1] Opphavleg var turneen planlagt slik at dei skulle spele fem konsertar i ein by, før dei drog vidare til den neste, men det vart skrinlagt på eit tidleg planleggingsstadium. Turneen starta i juni 1974 i Montreal i Canada som «Diamond Dogs Tour» (sjølv om produsenten Tony DeFries kalla turneen «The Year of the Diamond Dogs» då han snakka med pressa). Bowie spelte inn radio- og fjernsynsreklamar for turneen, som vart spelt på førehand før turneen kom til kvar by.[2] Turneen hadde fri i august 1974, då Bowie byrja å spele inn det neste studioalbumet sitt, Young Americans. Den 10. oktober 1974, då turneen var komen i gang att, gjekk Bowie bort frå det ekstravagante og overlessa teatralske showet og kalla turneen «The Soul Tour», som heldt fram i Nord-Amerika til desember.[1]

I 1987 fortalte Bowie kor vanskeleg turneen var i starten, før han vart endra til Soul Tour og sa Eg var i dårleg forstand som prøvde å få til det der. Det var ganske spennande, men eg var så blokkert [ler], så rusa under heile greia at eg syns det er utruleg at eg i det heile klarte å kome meg over til andre sida av Amerika med showet før eg gav meg på det.»[3]

Scenedesign endre

Settet for den teatralske Diamond Dogs-turneen vart bygd for å likne ein by (kalla «Hunger City»),[2] vog seks tonn og bestod av over 20 000 delar som måtte flyttast på, inkludert mange rekvisittar (som gatelamper, stolar og eit podium). Rekvisittane var ikkje klare før seks dagar før showet opna, som førte til mange tekniske problem under turneen. Eit flyttbart podium kollapsa ein gong under ein konsert med Bowie oppå.[2] Settet var delvis basert på verket til den tyske kunstnaren George Grosz.[4] I 1990, då han førebudde seg på Sound+Vision-turneen, fortalte Bowie om vanskane under konsertane og sa «det var moro og farleg, med utstyr som braut saman og bruer som falt frå kvarandre på scenen. Eg sat ofte fast over hovudet på publikum på ein hydraulisk stol etter at 'Space Oddity' var ferdig.»[5]

Andre rekvisittar fungerte som dei skulle. På songen «Big Brother», song Bowie frå innsida av eit «asyl» med mange speglar, og kom fram under den neste songen («Time») frå ei gigantisk hand.[1]

Konserten i Tampa i Florida vart framført utan nokre av rekvisittane fordi sjåføren som køyrte lastebilen med alt utstyret vart foreseinka då han vart stukken av ein veps.[1]

I 1987, då han førebudde Glass Spider-turneen (som tok opp att den teatralske tråden etter Diamond Dogs-turneen), fortalte Bowie om det vanvittige utstyret han brukte under Diamond Dogs-turneen og sa «Me hadde fire skyskraparar på scenen, med bruker som gjekk bakover og framover og opp og ned. Det heile var basert på at det var ein by. Eg hadde dansarar som arbeidde med meg og det var koreografert og verkeleg ei fantastisk musikalsk hending. Eg likte særs godt å arbeide slik».[6]

Konsertopptak endre

For meir om dette emnet, sjå David Live.

MainMan, forvaltingslaget til Bowie, planla eit kosnertalbum frå konsertane i juli 1974 i Tower Theater like utafor Philadelphia. Då bandet fekk vite om dette, kravde dei å få betalt standardbeløpet på 5000 dollar per musikar, i tillegg til den normale løna si, ellers nekta dei å spele. Dei fekk sjekkane sine timar før konserten starta, og konsertinnspelinga gjekk føre seg som planlagt.[2][7]

Band endre

Juni-juli:

September:

  • David Bowie - vokal
  • Earl Slick - gitar
  • Carlos Alomar - rytmegitar
  • Mike Garson - piano, mellotron
  • David Sanborn - altsaksofon, fløyte
  • Richard Grando - barytonsaksofon, fløyte
  • Doug Rauch - bass
  • Greg Errico - trommer
  • Pablo Rosario - perkusjon
  • Gui Andrisano - korvokal
  • Warren Peace - korvokal
  • Ava Cherry - korvokal
  • Robin Clark - korvokal
  • Anthony Hinton - korvokal
  • Diane Sumler - korvokal
  • Luther Vandross - korvokal

"The Soul/Philly Dogs Tour" - Oktober-desember:

  • David Bowie - vokal
  • Earl Slick - sologitar
  • Carlos Alomar - rytmegitar
  • Mike Garson - piano, mellotron
  • David Sanborn - altsaksofon, fløyte
  • Willie Weeks- bass
  • Dennis Davis - trommer
  • Pablo Rosario - perkusjon
  • Warren Peace - korvokal
  • Ava Cherry - korvokal
  • Robin Clark - korvokal
  • Anthony Hinton - korvokal
  • Diane Sumler - korvokal
  • Luther Vandross - korvokal

Konsertar endre

  • To konsertar vart framførte den 16. juni i Toronto.
Dato By Land Konsertstad
Nord-Amerika (Første etappe)
14. juni 1974 Montreal Canada Montreal Forum
15. juni 1974 Ottawa Ottawa Civic Centre
16. juni 1974 Toronto O'Keefe Centre
17. juni 1974 Rochester USA Rochester Community War Memorial
18. juni 1974 Cleveland Public Auditorium
19. juni 1974
20. juni 1974 Toledo Toledo Sports Arena
22. juni 1974 Detroit Cobo Hall
23. juni 1974
24. juni 1974 Trotwood Hara Arena
26. juni 1974 Pittsburgh Syria Mosque
27. juni 1974
28. juni 1974 Charleston Charleston Civic Center
29. juni 1974 Nashville Nashville Municipal Auditorium
30. juni 1974 Memphis Mid-South Coliseum
1. juli 1974 Atlanta Fox Theatre
2. juli 1974 Tampa Curtis Hixon Hall
3. juli 1974 Casselberry Seminole Turf Club
5. juli 1974 Charlotte Charlotte Coliseum
6. juli 1974 Greensboro Greensboro Coliseum
7. juli 1974 Norfolk Norfolk Scope
8. juli 1974 Upper Darby Tower Theater
9. juli 1974
10. juli 1974
11. juli 1974
12. juli 1974
13. juli 1974
14. juli 1974 New Haven New Haven Coliseum
16. juli 1974 Boston Music Hall
19. juli 1974 New York City Madison Square Garden
20. juli 1974
Nord-Amerika (andre etappe)
2. september 1974 Los Angeles USA Universal Amphitheatre
3. september 1974
4. september 1974
5. september 1974
6. september 1974
7. september 1974
8. september 1974
11. september 1974 San Diego San Diego Sports Arena
13. september 1974 Tucson Tucson Convention Center
14. september 1974 Phoenix Arizona Veterans Memorial Coliseum
15. september 1974 Anaheim Anaheim Convention Center
16. september 1974
Nord-Amerika (3. etappe)
5. oktober 1974 Saint Paul USA Saint Paul Civic Center
8. oktober 1974 Indianapolis Indiana Convention Center
11. oktober 1974 Madison Dane County Coliseum
13. oktober 1974 Milwaukee MECCA Arena
15. oktober 1974 Detroit Michigan Palace Theater
16. oktober 1974
17. oktober 1974
19. oktober 1974
20. oktober 1974
22. oktober 1974 Chicago Arie Crown Theater
23. oktober 1974
28. oktober 1974 New York City Radio City Music Hall
29. oktober 1974
30. oktober 1974
31. oktober 1974
1. november 1974
2. november 1974
3. november 1974
6. november 1974 Cleveland Public Auditorium
8. november 1974 Buffalo War Memorial Stadium
11. november 1974 Landover Capital Centre
14. november 1974 Boston Music Hall
15. november 1974
16. november 1974
18. november 1974 Philadelphia The Spectrum
19. november 1974 Pittsburgh Pittsburgh Civic Arena
25. november 1974 Philadelphia The Spectrum
28. november 1974 Memphis Mid-South Coliseum
30. november 1974 Nashville Nashville Municipal Auditorium
1. desember 1974 Atlanta Omni Coliseum

Songar endre

Frå David Bowie

Frå The Man Who Sold the World

Frå Hunky Dory

Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Aladdin Sane

Frå Pin Ups

Frå Diamond Dogs

Frå Young Americans

Andre songar

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kamp, Thomas (1985), David Bowie: The Wild-Eyed Boy 1964-1984 (1st utg.), O'Sullivan, Woodside & Co. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Edwards, Henry; Zanetta, Tony (1986), Stardust: The David Bowie Story, ISBN 0-07-072797-X 
  3. "David Bowie Opens Up - A Little" by Scott Isler, Musikar Magazine, August 1987, pp 60-73
  4. Cascone, Sarah (12 January 2016). «Take a Peek at David Bowie's Idiosyncratic Art Collection». Artnet News. Henta 14 January 2016. 
  5. Clarke, Tina (1990), «David Bowie: Ornament - Oddity - Artist - Survivor», Elle (magazine), arkivert frå originalen 16. juli 2001, henta 12. februar 2016 
  6. Morse, Steve (July–August 1987), «David Bowie (Cover Story)», In Fashion magazine 3 (10): 151, 153 
  7. http://www.phillymag.com/ticket/2016/01/11/david-bowie-david-live-tower-theater/