Cand.agric.
Cand.agric. eller landbrukskandidat var ein akademisk tittel som vart tildelt av Norges Landbrukshøgskole etter fullført femårig studieprogram. Etter kvalitetsreforma i den høgare utdanninga i Noreg, er graden avløyst av mastergradar i landbruksfag, som mellom anna vert tildelt av Universitetet for miljø og biovitskap i Ås.
Kandidat frå ulike studieretningar på NLH har ofte vore kalla med ulike nemningar, som
- Sivilagronom om kandidatat med hovudfag i husdyrfag og jordbruksfag
- Forstkandidat eller skogbrukskandidat om kandidat med hovudfag i skogbruk
- Jordskiftekandidat om kandidat med hovudfag i jordskiftefag.