Berlinskulen i elektronisk musikk

Berlinskulen i elektronisk musikk eller berre Berlinskulen var ei retning innan elektronisk musikk i 1970-åra. Berlinskulen voks fram frå krautrock og fekk dette namnet for dei første utøvarane av sjangeren hadde base i Vest-Berlin i Vest-Tyskland. Stilen vart forma av artistar som Klaus Schulze, Tangerine Dream og Ashra. Musikk frå denne skulen vert stundom rekna som ei sidegrein av New Age eller ambient, men oppstod lenge før begge desse omgrepa oppstod.

Sjangeren er identifisert med space-musikk og skilde seg frå den meir rytmebaserte Düsseldorf-skulen som omfattar Can, Cluster, Kraftwerk og Neu!. Desse sistnemnde banda hadde større innverknad på synth pop og techno, medan Berlin-skulen var ein del av røtene til ambient, electronica, New Age og trance.

I 1970-åra varte musikkstykke frå Berlin-skulen typisk over tjue eller tretti minuttar, og fylte ei heil plateside. Då CD-platene kom var ikkje artistane lenger avgrensa at ein måtte snu vinylplata og somme verk har derfor vore eit samanhengande musikkstykke på nesten 80 minuttar.

Den klassiske perioden endre

Den klassiske perioden i Berlin-skulen starta med utgjevinga av Phaedra av Tangerine Dream i 1974 på Virgin Records. I 1975 følgde dei opp med Rubycon og konsertalbumet Ricochet.

Moondawn av Klaus Schulze i 1976 vert ofte rekna som den første verkelege utgjevinga innan sjangeren.

I 1977 gav Ashra (Manuel Göttsching) ut New Age of Earth i lag med Michael Hoenig sin Departure from the Northern Wasteland. Tangerine Dream turnerte USA og gav ut dobbeltalbumet Encore, med tre sider med musikk frå Berlin-skulen og ei side med proto-ambient-musikk.

Den seinare tida endre

Ambient-musikaren Steve Roach eksperimenterte ei kort stund med sjangeren på dei første albuma sine. Tidleg i 1980-åra hadde ein artistar som Michael Garrison og fleire artistar på Sky Records.

I 1990-åra oppstod det andre band som Radio Massacre International og Redshift (fronta av Mark Shreeve, som hadde arbeidd i sjangeren sidan tidleg i 1980-åra). Mange av dei hadde ein «retro»-stil. Til dømes nytta Redshift gamle Moog-synthesizerar.

Klaus Schulze har halde fram å gje ut musikk i sjangeren, medan Tangerine Dream i større grad har gått bort frå stilen. Dei er derimot framleis innom sjangeren, som på albumet Mota Atma frå 2003.

Kjende nyare artistar frå Berlin-skulen er:

Finland:

Tyskland:

Nederland:

New Zealand:

Storbritannia:

USA:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre