Carey av Joni Mitchell

Carey
Singel av Joni Mitchell
frå albumet Blue
B-side

This Flight Tonight

Utgjeve 1971
Innspelt 1971
Sjanger Folkrock, softrock[1]
Lengd 3:00
Selskap Reprise
Komponist Joni Mitchell
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
«Big Yellow Taxi»
(1970)
Carey «California»
(1971)


«Carey» er ein song frå Joni Mitchell-albumet Blue frå 1971. Han var inspirert av tida ho var saman med Cary Raditz, som budde i eit hippiesamfunn i nokre grotter i Matala på den greske øya Kreta.

Mitchell reiste til Europa etter at forholdet hennar til Graham Nash tok slutt tidleg i 1970. Her møtte ho Raditz og skreiv «Carey» for 24-årsdagen hans. På same reisa lærte ho seg å spele Appalachian dulcimer, som ho brukte mykje dei neste åra. Ho spelte dette instrumentet på «Carey», med Stephen Stills på bass og akustisk gitar. «Carey» kom ut på singel og nådde 93. plassen på Billboard-lista den 4. september 1971.

Andre versjonar endre

I 1972 spelte skodespelarinna Goldie Hawn inn ein versjon av songen for albumet hennar Goldie (Warner MS 2061).[2] På ein konert til ære for Mitchell i 2000 på Hammerstein Ballroom i New York vart songen framført av Cyndi Lauper.[3] I 2008 spelte trommeslagaren Russ Kunkel og gruppa Chateau Beach inn songen på albumet deira Rivage.[4] «Carey» er òg blitt spelt av Universal Honey, Sara Gazarek og Kiki Dee.

Kjelder endre

  1. Oregonian/OregonLive, David Greenwald | The (3. april 2014). «The top 10 '70s soft-rock seduction ballads (playlist)». OregonLive. 
  2. «Goldie Hawn, Goldie Album Review». starpulse.com. Henta 13. september 2009. [daud lenkje]
  3. «Joni Mitchell – A Chronology of Appearances». jonimitchell.com. Henta 17. februar 2019. 
  4. «Rivage overview». Allmusic.com. 

Bakgrunnsstoff endre