Karibu-inuittar
Karibu-inuittar (engelsk Caribou Inuit, inuktitut Kivallirmiut/ᑭᕙᓪᓕᕐᒥᐅᑦ) er inuittar som held til vest for Hudsonbukta i Kivalliq i Nunavut, mellom 61° og 65° N og 90° og 102° V i Nord-Canada. Karibu-inuittane er den sørlegaste gruppa av sentralinuittar, eller Central Inuit.[1][2] Dei er kjende for å ha jakta den lokale reintypen, barren-ground caribou. Dei blei opphavleg kalla Caribou Eskimo ved den danske femte Thule-ekspedisjonen i 1921–1924 leia av Knud Rasmussen.[3][4]
Historie
endreForfedrane til karibu-inuittane vandra opphavleg fram og tilbake mellom Barrenlands, for å jakta på Beverly- og Qamanirjuaq- (eller Kaminuriak-) stammane av karibu under trekka deira, og Hudsonbukta (Tariurjuaq), der dei dreiv kvalfangst og fiske om vinteren. Chipewyan-sayisi denefolk jakta også på karibu, men dei heldt seg i innlandet året rundt. Ettersom karibubestanden gjekk tilbake i lengre periodar, mellom anna på 1700-talet, forlet denefolka området. Deretter byrja karibu-inuittar å bu i innlandet året rundt, og jakta nok karibu til å klara seg gjennom vintrane utan å også livnæra seg ved kysten.[5]
Kring 1717 byrja karibu-inuittar og europeiske oppdagarar og misjonærar å ha jamleg kontakt, etter skipinga av ein permanent busetnad i Churchill i Manitoba. Med kontakten følgde tilgang på skytevåpen, og innføring i fangst med feller og kvalfangst. Den kristne misjonæren fader Alphonse Gasté skreiv dagboksnotat om fredelege tilhøve mellom fastbuande karibu-inuittar og nomadiske denefolk som han møtte langs Kazanelva seint på 1800-talet. Oppdagaren Joseph Tyrrell estimerte at talet på «Caribou Eskimo» var nær 2000 då han leia Geological Survey of Canada sine Barren Lands-ekspedisjonar i 1893 og 1894.[3][6][5]
Frå tidleg på 1900-talet blei det drive jamleg handel. Misjonærar som kom til området kort tid etter utvikla eit skriftspråk, med ulike uttalar og namnereglar som eit hinder. Den arktiske sommaren 1922 møtte utforskaren og antropologen Kaj Birket-Smith og Rasmussen harvaqtuurmiut- og paallirmiutfolk, og rapporterte om liva deira. Nokre år var det betre jaktlukke enn andre, i takt med at stadbundne og trekkande karibuflokkar voks og gjekk tilbake, men folkesetnaden av karibu-inuittar gjekk stadig tilbake. Svolt var ikkje uvanleg. I ein vanskeleg periode på 1920-talet tok nokre karibu-inuittar seg til utpostar for Hudson's Bay Company og små, spreidde busetnader på eiga hand. Tidleg på 1950-talet rapporterte kanadiske medium at 60 karibu-inuittar hadde døydd av svolt.[7] Styresmaktene brukte tid på å reagera, men i 1959 flytta dei 60 overlevande, av rundt 120 som hadde vore i live i 1950, til busetnader som Baker Lake og Eskimo Point.[7] Dette innleia ein periode der kanadiske styresmakter sette inn mykje for å få urfolk i nordlege område til å forlata dei tradisjonelle levemåtane sine og slå seg ned i landsbyar og utpostar i Nord-Canada.[7] Forfattaren og utforskaren Farley Mowat vitja ihalmiutfolk på 1940- og 1950-talet, og skreiv mykje om dei.[8][9][10]
Det tradisjonelle talemålet til karibu-inuittar er inuktitut, som dei snakkar Kivalliq-dialekten av. Denne er igjen delt inn i underdialektane ahiarmiut, hauniqturmiut, paallirmiut og qairnirmiut. Utkuhiksalingmiutut-dialekten har mange likskapar med nabodialekten nattilingmiutut.[11][12]
I dag finst det rundt 3000 karibu-inuittar, som held til i Chesterfield Inlet, Rankin Inlet, Whale Cove, Arviat og Baker Lake.[3]
Galleri
endre-
Netsilik-inuit og Rensdyr-inuit. Fotografi frå den femte Thuleekspedisjonane.
-
Mannsklede
-
Kajakk i selskinn
Kjelder
endre- ↑ Cummins, Bryan (2004). Faces of the North: the Ethnographic Photography of John Honigmann. Toronto: Natural Heritage/Natural History. s. 149–151. ISBN 1-896219-79-9.
- ↑ Issenman, Betty Kobayashi (1997). Sinews of survival: the living legacy of Inuit clothing. Vancouver: UBC Press. s. 136–142. ISBN 978-0-7748-4189-4.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Caribou Inuit». Countries and Their eCultures. everyculture.com. Henta 27. desember 2007.
- ↑ Eugene Arima (1. januar 1994). «Caribou and Iglulik Inuit Kayaks». Arctic (på engelsk) 47 (2). ISSN 0004-0843. doi:10.14430/ARCTIC1289. Wikidata Q57481536.
- ↑ 5,0 5,1 «Kazan River». chrs.ca. Arkivert frå originalen 10. november 2007. Henta 31. desember 2007.
- ↑ Cummins, Bryan (2004). Faces of the North: the Ethnographic Photography of John Honigmann. Toronto: Natural Heritage/Natural History. s. 149–151. ISBN 1-896219-79-9.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Bone 2013
- ↑ Keith, Darren. «Baker Lake». InuitArtEskimoArt.com. Arkivert frå originalen 27. juni 2007. Henta 27. desember 2007.
- ↑ Madsen, Kirsten. «Project Caribou» (PDF). Whitehorse, Yukon Territory: Yukon Department of Environment. Arkivert frå originalen (PDF) 12. oktober 2007. Henta 27. desember 2007.
- ↑ Elder, Sarah (June 2002). «Padlei Diary, 19S0. An Account of the Padleimiut Eskimo in the Keewatin District West of Hudson Bay during the Early Months of 1950 as Witnessed». American Anthropologist (anthrosource.net) 104 (2): 657–659. doi:10.1525/aa.2002.104.2.657.
- ↑ Bouchard, Michel. «Inuit or Eskimo» (PDF). University of the Arctic. Arkivert frå originalen (PDF) 7. juli 2014. Henta 27. desember 2007.
- ↑ «Start of 8.0 Inuktitut dialects». languagegeek.com. Henta 29. desember 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Caribou Inuit» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2023.