Carl Fredrik Bunæs

Carl Fredrik Bunæs (16. oktober 19396. oktober 2022) var ein norsk friidrettsutøvar frå Drammen. Fyrste halvdelen av 1960-åra var han i aller fremste rekke mellom sprintarane i Norden, han vann då fire nordiske meisterskapstitlar. I tiåret 1957-66 vart han 18 gongar norsk meister på sprintdistansane 100 meter (5), 200 meter (9) og 400 meter (4). Han var medlem av IK Tjalve.

Carl Fredrik Bunæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. oktober 1939
Drammen
Død

6. oktober 2022 (82 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960

Utmerkingar

Kongepokal

Karriere endre

Bunæs vann si fyrste gullmedalje i ein noregsmeisterskap og sette sin fyrste noregsrekord allereie då ho var 18 år. Begge prestasjonane kom på det som ein må kalle spesialdistansen, 200 meter. Her fekk han notert 21,3 sekund i 1957, ein rekord som hans sterkaste konkurrent, Bjørn Nilsen tok over med fyrst 21,2 og så 21,1 i 1958. Bunæs tok tilbake rekorden i 1959, då han vart klokka inn på 21,0.

I 1960 vann Bunæs 200-meteren på tida 20,9 sekund under ein landskamp i Karlstad, både norsk og nordisk rekord. Same sesongen forbetra han den norske 400-meterrekorden til 47,3 og han vart under NM 1960 tildelt kongepokalen for sin dobbeltsiger, 100 m og 200 m, sistnemnde distanse på ny meisterskapsrekord. Han deltok også i Sommar-OL 1960 i Roma, der han vart utslått i kvartfinalane på både 200 m (21,4 =nr 17) og 100 m (10,5 =nr 15).

Tre nordiske friidtettsmeisterskap vart arrangert i tida 1961-65. Bunæs vann i 1961 både 100 meter og 200 meter, i 1963 sigra han på 100 m, medan han i 1965 vart nordisk meister på 400 meter. Som 400-meterløpar nådde han toppen i 1963-sesongen, då han på Bislett stadion flytta noregsrekorden til 47,1 og deretter til 46,6.

Bunæs var ein framifrå poengplukkar for Noreg i landskampane. I sine 41 landskampar stod han på startstreken 130 gongar, 96 gongar kom han i mål som vinnar. Med IK Tjalve sine stafettlag vann han heile 26 NM-gull.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1956: Bronsemedalje på 100 m – 10,7
  • 1957: Gullmedalje på 200 m – 21,3, og bronsemedalje på 100 m – 10,8
  • 1959: Gullmedaljar på 100 m – 10,5, og på 200 m – 21,6
  • 1960: Gullmedaljar på 100 m – 10,6 og på 200 m – 21,2. Kongepokal.
  • 1961: Gullmedaljar på 100 m – 10,6 og på 200 m – 21,6
  • 1962: Gullmedaljar på 100 m – 10,8 og på 200 m – 21,6
  • 1963: Gullmedaljar på 100 m – 10,5, 200 m – 21,2, og 400 m – 48,3
  • 1964: Gullmedaljar på 200 m – 21,7, og 400 m – 48,3, samt sølvmedalje på 100 m – 10,7
  • 1965: Gullmedaljar på 200 m – 21,2, og 400 m – 47,7
  • 1966: Gullmedaljar på 200 m – 21,4, og 400 m – 47,5

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no