Carl Olsen

Norsk kjøpmann og stortingsmann

Carl Rebek Olsen (11. mars 188428. juli 1949) var ein norsk kjøpmann og postopnar frå Skjervøy i Troms. Han møtte på Stortinget i tida 1931-45 som representant frå Finnmark og Høgre.

Carl Olsen
Fødd 11. mars 1884
Død

28. juli 1949 (65 år)

Far til Olsen var gardbrukar og fiskar i Uløybukt i Skjervøy. Han var sjølv fiskar nokre år, gjekk så eit navigasjonskurs i 1905 og tok handelsskoleeksamen ved ein privatskule i Kvæfjord i 1906. Etter å ha vore handelsdreng på Skorpen i Kvænangen frå 1904, starta han i 1909 opp ein assortert landhandel i Mafjordhamn i Måsøy der han også dreiv tran- og fiskeforretning. Han var vidare postopnar i Mafjordhamn frå 1911 og seinare medeigar i Mafjordhavn Sølvrev A.s.

Olsen var varaordførar i Måsøy herad 1919-22 og ordførar 1922-28. Han var dessutan formann i Måsøy gjensidige Båtforsikringsforening til 1928, styreformann 1921-44 i Måsøy Sparebank og fylkesstyreformann 1926-35 i Finnmark-avdelinga av Noregs Heradsforbund. I tida 1931-45 representerte han Finnmark og partiet HøgreStortinget. Alle sesjonane på Stortinget var han medlem i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen. Utanom tingmannsvervet var han medlem i Dampskipsekspeditørkomiteen av 1939. Han var 1946-49 med i landsstyret til Høgre.

KjelderEndra