Skjervøy (nordsamisk Skiervá, kvensk: Kierua) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Skjervøy kommune i Troms og Finnmark fylke. Tettstaden ligg på austsida av Skjervøya og har 2 460 innbyggjarar per 1. januar 2017. Skjervøy har fiskeindustri, og er ei viktig fiskerihamn og tenesteseneter for fiskeflåten i Nord-Troms.[1]

Skjervøy
Skiervá
Kierua
tettstad
Hurtigruten arriving at Skjervoy, far northern Norway (3).jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Skjervøy
Areal 1,29 km²
Folketal 2 460 (2017)
Folketettleik 1 907 / km²
Postnummer 9180 SKJERVØY
Innbyggjarnamn skjervøyværing
Preposisjon Skjervøy
Wikimedia Commons: Skjervøy (village)

Frå tettstaden Skjervøy er det brusamband til Kågen, med vidare ferjefri kopling til fastlandet gjennom Maursundtunnelen (fylkesveg 866). Skjervøy har daglege hurtigruteanløp og godsbåtanløp, i tillegg til hurtigbåtsamband med Tromsø. Frå Skjervøy er det også ferjesamband til Arnøy og Laukøy.[2] Næraste flyplass er Sørkjosen lufthavn i nabokommunen Nordreisa, om lag 30 minuttars køyring frå tettstaden.

Bilete frå SkjervøyEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Skjervøy - tettstedet». Store norske leksikon. 17. februar 2009. Henta 27. mai 2017. 
  2. «Skjervøy». Store norske leksikon. 7. april 2016. Henta 27. mai 2017.