Carl Severin Bentzen

norsk politikar

Carl Severin Bentzen (13. september 188210. oktober 1956), til dagleg C.S. Bentzen, var ein skreddarmeister og politikar frå Hønefoss. Han representerte einmannskrinsen Kongsberg, Hønefoss og NotoddenStortinget 1919-21. Han vart vald for Arbeidarpartiet.

Carl Severin Bentzen
Fødd13. september 1882
Ringerike kommune
Død1956 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkefagforeiningsleiar, politikar
Alle verv

Han tok svenneprøven i 1904 og fekk i 1911 handverkarborgarskap i heimebyen. Bentzen var med i formannskapet for Hønefoss frå 1913 til -22, ordførar 1916-19. Åra 1923-25 var han borgarmeister (rådmann) i bykommunen. Stortingsperioden 1919-21 sat han på Stortinget for Arbeidarpartiet, var då sekretær i Næringskomite nr.2. Frå 1931 var han atter formannskapsmedlem i Hønefoss, ein poisjon han mista då NS tok styringa over kommunen. Ordførar i Hønefoss i 1946.

Bentzen var landsstyremedlem 1915-18 i Arbeidarpartiet. Han var medlem i Apotekkomiteen av 1919 og i Den sivile forsvarskommisjon av 1920. Lokalt var han formann i forsorgsstyret i Hønefoss og i ni år fylkesformann i Buskerud-avdelinga av Det Norske Totalavholdsselskap.

Den 19. september 1944 vart Bentzen arrestert for å ha delteke illegale aktivitetar; Han sat fengsla på Grini til 28.november, deretter i Akershus landsfengsel til han slepte fri den 9. mai 1945.

Kjelder endre