Opna hovudmenyen

Louis Clark (fødd 27. februar 1947) er ein britisk arrangør og klaverinstrument.

Louis Clark
Fødd27. februar 1947 (72 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv1974 til i dag
InstrumentKlaverinstrument
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra, ELO Part II, The Orchestra, Renaissance, Annie Haslam, Royal Philharmonic Orchestra
Verka somMusikar

Han var dirigent for orkester og koret som stod bak lydbiletet til Electric Light Orchestra, først på albumet Eldorado i 1974. Han assisterte Jeff Lynne og Richard Tandy i å skrive strykearrangement. Han spelte seinare synthesizer for bandet under Time-turneen. I 1983 kom han attende og dirigerte strykarane på Secret Messages. I 1986 spelte han klaverinstrument med ELO på nokre få konsertar.

Seinare spelte han med ELO Part II.

I 1977 arrangerte han musikk for bandet Renaissance på Albert Hall-konserten deira. Tidleg i 1980-åra dirigerte han Royal Philharmonic Orchestra på ei rekkje innspelingar på Hooked on Classics.

I 1985 arbeidde han igjen med Renaissance-songaren Annie Haslam og tekstforfattaren Betty Thatcher med RPO for albumet Still Life.

I 2011 vart Louis Clark leiar for English Pops Orchestra, som spelte konsertar med Hooked on Classics.

DiskografiEndra

Alle album med the Royal Philharmonic Orchestra om ikkje anna er nemnd.

  • (per-spek-tiv) n. (Jet 218, 1979)
  • Hooked on Classics (K-Tel One 1146, 1981)
  • The Queen Collection (EMI TV33, 1982 og MFP 41 5673 1, 1982)
  • Hooked on Classics 2 (K-Tel One 1173, 1983), seinare gjeve ut som «Can't Stop the Classics»
  • Hooked on Classics 3 (K-Tel One 1226, 1983), seinare gjeve ut som «Journey Through the Classics»
  • The Beatles 20th Anniversary Concert (Spartan SRFC1001, 1983)
  • Best of Hooked on Classics (K-Tel One 2266, 1984)
  • Great Hits from Hooked on Classics (Pickwick SHM3158, 1985)
  • Still Life (Spartan LCTV1, 1985) med vokal av Annie Haslam og tekst av Betty Thatcher
  • Favourite Classics (Spartan SLCLP2, 1986)
  • Hooked on Classics Collection (K-Tel 5107, 1986)
  • The Very Best of Hooked on Classics (Pickwick PWKS 4017, 1986)
  • Abbaphonic (Disky AC202, 1987 og Disky DLP2007, 1987)
    • Seinare gjeve ut som Classic Abba (Icon ICONCD002, 1992), The Royal Philharmonic Orchestra Plays Abba (Disky DCD 5246, 1992; Emporio EMPRCD585, 1995; Disky INS 855362, 1999), The Music of ABBA (Hallmark 301372, 1995)
  • Beatlephonic (Disky DLP2015, 1987)
    • Seinare gjeve ut so The Royal Philharmonic Orchestra plays The Beatles (Disky DCD5255, 1992; Disky INS 855372, 1999)
  • Hooked on Rhythm & Classics (Telstar 2344, 1988)
    • Seinare gjeve ut som ekstraspor på The Classics in Rhythm (Arista ARCD-8588, 1989), og som Hooked on Rhythm and Classics (Pickwick PWKS 4223, 1994)
  • Hooked on Classics: The Ultimate Performance (K-Tel OCE2432, 1989)
  • Legends (Union LP1, 1989)
  • Seriously Orchestral Hits of Philadelphia Phil Collins (EDL 2555-1, 1990; Virgin RPOMC1, 1991; EDL 2555-2, 1993)
  • Hooked on Hooked on Classics (Music Club MCTC003, 1991)
  • Hooked on Classics X-tra Collection Vol 1 (ELAP 4718, 1991)
  • Hooked on Classics X-tra Collection Vol 2 (ELAP 4719, 1991)
  • The Royal Philharmonic Orchestra Plays Queen (Disky DCD 5256, 1992)
  • The Two Sides of Louis Clark: Rock Legends and Favourite Classics (Westmore Music CDWM108, 1993)
  • Instrumental Classics (K-Tel ECD 3025, 1994)
    • òg gjeve ut som Hooked on Instrumental Classics (K-Tel 6133-2, 1994), med med anna sporrekkefølgje og eit ekstra spor.
  • The Royal Philharmonic Orchestra Plays Pop Legends (Disky DCD 5381, 1994)
  • More Hooked on Classics (Music Club MCCD 369, 1998)

Samlealbum:

  • Open Space: The Classic Chillout Album (Columbia 504690-2, 2001)
  • The New Classic Chillout Album: From Dusk Til Dawn (Sony STVCD148, 2002)

BakgrunnsstoffEndra