Opna hovudmenyen

Carlos Marchena

spansk fotballspelar

Carlos Marchena López (fødd 31. juli 1979 i Las Cabezas de San Juan i Andalucía) er ein spansk fotballspelar, som spelar for Villarreal i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Marchena spelte i ni sesongar, frå 2001 til 2010, for Valencia, og vart seriemeister i Spania med Valencia i 2002 og 2004. Han vann òg UEFA-cupen med dei i 2004. Han debuterte for A-landslaget 21. august 2002. Han spelte to kampar for Spania i fotball-EM i 2004 og éin i fotball-VM i 2006. Under fotball-EM i 2008 var han fast på laget i forsvar då Spania vart europameistrar. Under fotball-VM i 2010, då Spania vart verdsmeistrar, kom han inn som innbytar i tre kampar og spelte til saman i åtte minutt.

Carlos Marchena
Carlos Marchena.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Carlos Marchena López
Fødd 31. juli 1979
Fødestad Sevilla
Høgd 183 cm
Posisjon Midtstoppar, midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Villarreal
Nummer 5
Ungdomsklubbar
Spania Sevilla
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2000
2000-01
2001-10
2010-
Spania Sevilla
Portugal Benfica
Spania Valencia
Spania Villarreal
68 (1)
20 (2)
230 (8)
0 (0)
Landslag
1999-01
2000
2002-
Spania Spania U21
Spania Spania U23
Spania Spania
17 (0)
5 (0)
62 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 11. juli 2010