Carmen McRae

amerikansk musikar og pianist

Carmen Mercedes McRae 8. april 192210. november 1994 var ein amerikansk jazzsongar og pianist.

Carmen McRae
Carmen McRae-1980(by Barbara Weinberg Barefield).jpg
Fødd8. april 1920
FødestadHarlem, New York by
Død10. november 1994 (74 år)
DødsstadBeverly Hills
OpphavUSA
Aktiv1939–1994
Sjangerjazz
Instrumentpiano, vokal, song
PlateselskapDecca Records
Verka sompianist, skodespelar, jazzmusikar, songar, filmskodespelar, plateartist

McRae var fødd i Harlem i New York. Foreldra hennar, Osmond og Evadne McRae, var innvandrarar frå Jamaica.

Ho hadde ein framgangsrik karriere i USA, Europa og Japan. Etter å ha sunge med ulike orkester sidan 1940-talet fekk ho sjansen til å spela inn plater som soloartist på midten av 1950-talet.

Carmen McRae hadde ein særskild ironisk humor på scenen, noko som bidrog til å gjera henne til ein særs populær sceneartist. Ho var også ein dyktig pianist, og kunne ofte spela piano på konsertar, medan ho berre song på ande.

Ho samarbeidde med mange viktige personar innan jazz, som på Take Five (1961) med Dave Brubeck, albumet Heat Wave (1982) med Cal Tjader og Two for the Road (1989) med George Shearing.

McRae var sterkt inspirert av Billie Holiday, som ho møtte som syttenåring, men fann fram til ein egen stil med si lett ironiske framtoning. Kanskje var det humoren hennar som førte til eit samarbeid med sir Noel Coward, den største dramatikaren og underhaldaren i England på den tida. Han skreiv tekstar til albumet hennar Mad About the Man. Ho spelte også inn eit album med Sammy Davis Jr.

Carmen McRae var over 30 år før karrieren hennar tok av, men ho fortsette å opptre og spela inn plater med suksess til ho var over 70. Ho spela inn nokre jazzalbum som var litt meir popinspirerte, som The Sound of Silence 1971, men heldt seg elles til jazz og latinsk musikk. Ho sa sjølv at jazz var hennar største kjærleik og etter det kom latinsk musikk. Songen hennar Upside Down (Flor de Lis) (1982), som var ei tolking av ein brasiliansk song, blei svært populær.

KjelderEndra