Carpentras
Carpentras (oksitansk Carpentràs / Carpentras) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vaucluse i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og har om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av elva Auzon, ei sideelv til Ardèche. Som hovudstad i Comtat Venaissin oppheldt ofte pavane i Avignon seg her, og dei styrte Venaissin fram til den franske revolusjonen. I dag er Carpentras det kommersielle senteret i Comtat Venaissin.
Carpentras | |
---|---|
Porte d'Orange i Carpentras | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Provence-Alpes-Côte d'Azur Vaucluse |
Geografi | |
Flatevidd | 37,92 km² |
Flatevidd - By |
37,92 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
26 090 688/km² |
Koordinatar | 44°03′N 05°02′E / 44.050°N 5.033°E |
Høgd over havet | 95 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 84200 |
Heimeside: www.carpentras.fr |
Historie
endreCarpentras var ein gresk kjøpstad i antikken, og vart av romarane kalla Carpentoracte Meminorum og seinare Forum Neronis. Byen har framleis ein imponerande triumfboge frå romartida, som bispepalasset i byen vart bygd rundt. Byen var sete for ein biskop, og den gotiske kyrkja St. Siffrein, var tidlegare ei domkyrkje.
Carpentras har vore eit viktig senter for franske jødar, og har ei av dei eldste synagogene i Frankrike, frå 1367, som framleis er i drift. I mai 1990 vart ein jødisk gravplass her skjenda.