Carsten Conradi

(Omdirigert frå Carsten Balthazar Conradi)

Carsten Balthazar Conradi (18. desember 17992. juli 1862) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Carsten Conradi

Fødd18. desember 1799
Død2. juli 1862 (62 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Conradi var fødd i Fredrikshald, der far hans var postmeister. Student vart han i 1822 og cand. jur. i 1827. Han var tilsett i justisdepartementet frå 1825 til -29, deretter auditør i artilleribrigaden i fire år. Frå 1833 var han assessor i Bergens stiftsoverrett, byfut i Bergen frå 1839. Sidan 1848 var han sorenskrivar i Lier.

Conradi representerte Bergen på Stortinget i 1836, på overordentleg storting 1836-37, og i 1839. I 1836 var han sekretær i kriminallovkomiteen og medlem av justiskomiteen, 1836-37 medlem av kriminallovkomiteen. Han var i 1839 sekretær i Lagtinget, formann i traktatskomiteen og sekretær i komiteen om brannvesenet i byane.

Han døydde i Drammen i 1862.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914