Cartrouble
Singel av Adam and the Ants
frå albumet Dirk Wears White Sox
B-side

Kick!

Utgjeve 7. mars 1980
Innspelt Februar 1980
Sjanger New wave, post-punk
Lengd 3:27
Selskap Do It Records
Låtskrivar(ar) Adam Ant
Produsent Chris Hughes
Adam and the Ants-kronologi 
«Zerox»
(1979)
Cartrouble «Kings of the Wild Frontier»
(1980)


«Cartrouble» er ein song av Adam and the Ants, gjeven ut som singel i mars 1980 på Do It Records. Han nådde 33. plassen på UK Singles Chart.[1] Sjølv om tittelen vanlegvis vert skriven som eitt ord, har tittelen òg vorte skriven som to separate ord, til dømes på samleplata Antics in the Forbidden Zone.

«Cartrouble (Parts 1 & 2)»

endre

«Cartrouble» skil seg frå «Cartrouble (Parts 1 & 2)» frå debutalbumet til Adam and the Ants, Dirk Wears White Sox, òg gjeven ut på Do It Records. «Cartrouble» er i røynda ein omarrangert og nyinnspelt versjo nav «…(Part 2)» aleine. Han er tyngre, men meir kommersielt polert, og langt meir radiovennleg enn originalen.

«Cartrouble (Parts 1 & 2)» vart spelt inn med Matthew Ashmangitar, Dave Barbarossatrommer og Andy Warrenbassgitar. Ein remiks av versjonen kom ut på 12-tommarutgåva av The Antmusic EP tidleg i 1982. Dette erstatta den originalen på CD-utgåva av Dirk Wears White Sox. 2004-utgåva av same albumet inneheld alle tre versjonane, med den originale attende som spor 1.

«Cartrouble» vart spelt inn på ny med ei anna besetning av The Ants for å oppfylle kontraktskrav. .[2]

Musikkvideoen for «Cartrouble Part 2» og eit anna albumspor, «Tabletalk» vart filma i november 1979 som ei prøvefilming for Malcolm McLaren. Desse vart regisserte av Stephanie Gluck og Clive Richardson og filma i hagen til Richardson.

Kjelder

endre
  1. «Adam and the Ants Top Songs/Chart Singles Discography». Music VF.com. 
  2. Ant, Adam. «Cartrouble». Adam-Ant.net. Swishgrade Ltd./EMI Music Publishing Ltd. 

Bakgrunnsstoff

endre