Zerox av Adam and the Ants

Zerox
Singel av Adam and the Ants
frå albumet Dirk Wears White Sox
B-side

Whip in My Valise

Utgjeve 6. juli 1979
Sjanger New wave, post-punk
Lengd 3:45
Selskap Do It Records
Låtskrivar(ar) Adam Ant
Produsent Adam Ant
Adam and the Ants-kronologi 
«Young Parisians»
(1978)
Zerox «Cartrouble»
(1980)


«Zerox» er ein song skriven av Adam Ant frå debutalbumet til Adam and the Ants, Dirk Wears White Sox. Besetninga som spelte med Ant på innspelinga var Dave Barbarossatrommer, Matthew Ashmangitar & Andy Warrenbassgitar. Sporet vart inkludert på samleplatene Antics in the Forbidden Zone, Antmusic: The Very Best of Adam Ant, The Very Best Of Adam And The Ants, Antbox, The Essential Adam Ant & Stand & Deliver: The Very Best of Adam & the Ants.

Omslaget på singelen syner Image in Motion (1913),[1] eit fotografi av den italienske futuristen Anton Bragaglia.

Songen var framført på eit radioprogram hos John Peel 10. juli 1978. Det vart delvis laga ein musikkvideo for songen i desember 1979, og eit opptak frå dette finst på DVD-samlinga Stand and Deliver frå 2006.

Songen nådde toppen av UK Indie Chart, men nådde ikkje UK Singles Chart då han først kom ut. Etter suksessen med det andre albumet deira, Kings of the Wild Frontier, nådde songen 45. plassen på den britiske singellista i januar 1981.[2]

Client-versjonen endre

Zerox Machine
Singel av Client
frå albumet Heartland
B-side

Loosetalking

Utgjeve 15. januar 2007
Sjanger Electroclash
Lengd 4:08
Selskap Loser Friendly
Låtskrivar(ar) Adam Ant
Produsent Youth
Client-kronologi 
«Lights Go Out»
(2006)
Zerox Machine «Drive»
(2007)


Den engelske electronica-gruppa Client spelte inn ein versjon av «Zerox» på det tredje studioalbumet deira, Heartland (2007). Han kom ut som den andre singelen frå albumet og var den første sidan dei gav seg på selskapet Toast Hawaii. Client kalla sin versjon av songen «Zerox Machine.»

Innhald endre

UK 7"-singel (LFS05)

A. «Zerox Machine» – 4:05
B. «Zerox Machine» (Jonny Slut/Atomizermix) – 4:43

UK 12"-singel (LFSX05)

A. «Zerox Machine» (N-Joi Remix) – 7:05
B. «Zerox Machine» (IDC Remix) – 5:00

U.S. CD-singel (MET 470)

  1. «Zerox Machine»
  2. «Loosetalking»
  3. «Zerox Machine» (IDC Mix)
  4. «Zerox Machine» (Jonny Slut/Atomizermix)
  5. «Zerox Machine» (Robert Görl Strange Pistol Mix) – 3:32
  6. «Zerox Machine» (Club Mix by Covenant)

Tysk promo-CD-singel (LTD 21)

  1. «Zerox Machine» (Edit) – 4:14
  2. «Zerox Machine» (Terence Fixmer Remix) – 5:33
  3. «Zerox Machine» (Covenant Remix) – 4:25
  4. «Zerox Machine» (Robert Görl Strange Pistol Mix) – 3:32

Salslister endre

Liste (2007) Plassering
UK Singles Chart[3] 199

Kjelder endre

  1. Caroline Tisdall and Angelo Bozzolla, Futurism, Thames & Hudson, p. 139
  2. «Adam And The Ants - Zerox». Punky Gibbon. Arkivert frå originalen 19. februar 2020. Henta 6. mai 2022. 
  3. «Chart Log UK: 1994–2008». The Official Charts Company. Zobbel.de. Henta 21. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff endre