Cassard-toktet var ei sjøreise av den franske kapteinen Jacques Cassard i 1712 under den spanske arvefølgjekrigen. Han segla ut frå hamnebyen Toulon med ein flåte på åtte skip, 3 000 sjømenn og 1 200 soldatar, og plyndra og raida Kapp Verde-øyane, dei britiske øyane Montserrat og Antigua i Vestindia, og dei nederlandske koloniutpostane Surinam, Berbice og Essequibo i Sør-Amerika. Han gjekk så vidare og raida nederlandske St. Eustatius, og klarte med noko vanskar å få kontroll over Curaçao, den sterkaste nederlandske busetnaden i Karibia. Mange av stadane han gjekk i land betalte styresmaktene pengar for å unngå plyndring, men dette hjelpte ikkje alltid og Cassard braut stundom vilkåra han hadde gått med på.

Den spanske arvefølgjekrigen: Vestindia
Santa Marta – Guadeloupe – Nassau – Colonia del Sacramento – Cartagena de Indias – 1. Rio – 2. Rio – Cassard

Toktet gjorde at Cassard fekk utmerkinga Saint Louis-ordenen.

Kjelder endre