Catherine Booth, fødd Mumford (17. januar 18294. oktober 1890) var ein engelsk forkynnar og forfattar som var gift med William Booth og saman med han grunnla Frelsesarmeen. Ho er kjend som «mor til Frelsesarmeen».

Catherine Booth

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 17. januar 1829
Ashbourne i Derbyshire
Død

4. oktober 1890 (61 år)
Clacton-on-Sea, Essex

Yrke teolog, evangelist, skribent
Språk engelsk
Medlem av Frelsesarmeen
Religion metodisme
Ektefelle William Booth
Catherine Booth på Commons

Bakgrunn endre

 
Fødestaden til Catherine Booth.

Catherine Mumford var fødd i Ashbourne i Derbyshire. Ho var den fjerda av fem ungar, men berre ho sjølv og den yngre broren hennar voks opp. Foreldra var metodistar, men faren, som ei stund hadde vore metodist-predikant, braut med trua og byrja å drikka på 1840-talet. Familien flytta til Brixton i London i 1845.[1]

Catherine og var djupt religiøs frå barndommen. Ho var noko ufør, og var heime det meste av barndommen. Då ho var tolv, skal ho allereie ha lese Bibelen åtte gonger. Ho las også verk av John Wesley, John William Fletcher og Charles Finney.[1]

Catherine var aktiv innan metodismerørsla og i fråhaldsrørsla. Ho høyrde til Band of Hope, eit lag som arbeidde for å venda folk vekk frå alkohol, og den nasjonale fråhaldsorganisasjonen Temperance Society. Då metodismen blei splitta i tradisjonell wesleyanisme og reform-metodisme i 1849, blei ho med i reform-rørsla. Her møtte ho William Booth, ein pantelånarsvein som hadde byrja å preika i rørsla. Dei blei trulova i 1852.[1]

I løpet av dei neste åra brevveksla paret medan William Booth førebudde seg på å bli ordinert. Ho gav han religiøse bøker og kom med innspel til preikene hans. Han oppmuntra henne til å støtta vekkingsrørsla.[2]

Ekteskap og forkynning endre

 
Ekteparet Booth i 1862.
 
Frälsningsarmén (1886) av Gustaf Cederström. Catherine Booth talar i ein pub.

16. juni 1855 blei paret gift i Stockwell New Chapel i London. Dei neste to åra reiste dei rundt og William Booth preika for metodistkyrkja New Connexion. I 1856 fekk dei ein son, (William) Bramwell, og tok han med på reisene sine. Frå 1867 fekk William ein fast preikerunde knytt til Brighouse i Yorkshire, og her fekk dei sin neste son, Ballington. William blei ordinert i 1858 og send til Gateshead, der familien var fram til 1860. Her fekk dei to barn til, Catherine (f. 1858) og Emma (f. 1860). Berre nokre dagar før Emma blei fødd gav Catherine ut sin første pamflett, Female teaching, om kvinner sin rett til å forkynna. Ho var inspirert av den amerikanske forkynnaren Phoebe Palmer og motstand mot henne, og blei oppmuntra av William til å gje ut sine tankar.[1]

I 1857 byrja Catherine Booth å tala offentleg, først for kvinner på fråhaldsmøte og etterkvart meir og meir for kyrkjelyden til ektemannen. Då William Booth blei sjuk og trengde tid for å koma seg att, tok ho over rolla hans som forkynnar, samstundes som ho passa huset og fire barn. Ordninga blei godteken av kyrkja, medan lokale aviser både lovpriste og kritiserte henne.[1]

I 1861 braut Booth med New Connexion, og familien reiste rundt i landet att og tala for ei rekkje ulike metodistar og andre nonkonformistar. Catherine Booth blei anerkjend som ein forkynnar og blei invitert til å preika i sitt eige namn. Dei møtte også lokal motstand, både for si reisande forkynning, tilknyting til vekkingsrørsla og mot kvinneleg forkynning. Likevel var dei mange nye kontaktane viktige for det seinare arbeidet med Frelsesarméen. I desse åra fekk dei to barn til, Herbert i 1862 og Marion i 1864. Familien slo seg ned i London i 1865, der Catherine fekk sine siste barn, Eva (Evangeline) i 1865 og Lucy i 1868.[1]

The Christian Mission, som seinare blei til Frelsesarmeen, blei skipa på austkanten av London i 1865. Medan William preika til dei fattige, hadde Catherine suksess med å tala til rikfolk, og vann slik støtte til misjonen økonomisk.[1] I løpet av dei neste åra voks organisasjonen, og i 1879 blei han omdøypt til Frelsesarmeen med uniformer og militære titlar. Catherine Booth hadde ikkje ein offisiell tittel i organisasjonen, men deltok i forkynning, i komitear og påverka teologi og praksis. Hennar lære og eksempel gjorde at kvinner kunne forkynna og ha leiarposisjonar i Frelsesarmeen frå byrjinga. Dette gjorde at organisasjonen skilde seg frå dei fleste andre kristne organisasjonar i samtida.[1]

Dei siste åra av livet gav Catherine Booth ut fleire bøker, som Practical Religion (1878), Aggressive Christianity (1880), Holiness (1881), Mrs Booth on Recent Criticisms of the Salvation Army (1882), The Salvation Army in Relation to Church and State (1883) og Popular Christianity (1887). Ho engasjerte seg mot prostitusjon, og støtta William Thomas Stead sin kamp for å heva den seksuelle lågalderen frå 13 til 16 år.

I 1888 fekk Catherine Booth diagnosen brystkreft, og same året trekte ho seg tilbake frå offentleg arbeid. Ho døydde i Clacton-on-Sea den 4. oktober 1890. Over 30 000 folk såg gravferda hennar. Ho blei gravlagd på Abney Park gravlund i London.

Barn endre

Catherine og William Booth fekk åtte barn som alle levde opp. Dei fleste hadde også stillingar i Frelsesarmeen:

Verk endre

  • Practical Religion (1878) [1]
  • Godliness (1881) [2]
  • Aggressive Christianity (1883) [3] Arkivert 2016-10-16 ved Wayback Machine.
  • Life and Death (1883) [4]
  • Highway of our God (1886) [5]
  • Popular Christianity (1887) [6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Pamela J. Walker (23. september 2004), «Booth [née Mumford], Catherine», Oxford Dictionary of National Biography 
  2. Frank Prochaska (23. september 2004), «Booth, William», Oxford Dictionary of National Biography