Cause I Sez So

Cause I Sez So
Studioalbum av New York Dolls
Utgjeve 5. mai 2009
Studio Utopia Sound Studio
Sjanger Rock, garasjerock
Lengd 46:26
Selskap Atco
Produsent Todd Rundgren
New York Dolls-kronologi
One Day It Will Please Us to Remember Even This
(2006)
Cause I Sez So Dancing Backward in High Heels
(2011)


Cause I Sez So er det fjerde studioalbumet (og det andre etter gjenforeininga) av New York Dolls. Det kom ut 5. mai 2009 på Atco Records. Albumet var produsert av Todd Rundgren, som òg produserte debutalbumet deira. Ein av songane, «Trash», er ei nyinnspeling av ein av songane frå debutalbumet i reggae-stil.[1] Albumet nådde 159. plass Billboard 200.

MottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic73/100[2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [4]
The A.V. ClubB+[5]
The Austin Chronicle     [6]
Boston Phoenix    [7]
The Daily Telegraph     [8]
MSN MusicA–[9]
PopMatters7/10[10]
Record Collector     [11]
Rolling Stone     [12]
Spin5/10[13]

Cause I Sez So fekk generelt positive meldingar. På Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på meldingar frå kjende publikasjonar, har albumet ein score på 73, basert på 17 meldingar.[2]

Michaelangelo Matos frå The A.V. Club meinte albumet var «livsstadfestande» totalt sett,[5] medan The Daily Telegraph-kritikaren Andrew Perry sa at The Dolls er «i frekk kreativ helse» på sitt «ryddigaste album nokosinne, og deira mest tankefulle».[8] Jonathan Perry frå The Boston Globe vurderte plata som «klassisk New York Dolls» full av «hjarte, sjel og svimmelheit», og konkluderte: «Johansen si raspande røyst har framleis strukturen til gammalt skoskinn, men mot usannsynlege odds og tidas tann fungerer det på ein eller annan måte vakkert.»[14] Sjølv om han var overraska over den nyvunne forståinga til bandet for «ei rekkje rockestilar som er så forakta av punk», meinte Andy Gill frå The Independent at albumet var «langt betre enn me hadde nokon rett til å forventa».[15] Robert Christgau skreiv for MSN Music og innrømte at det er det første av Dolls-albuma som ikkje er «epokedominerande», men observerte til slutt forløysande kvalitetar: «Ikkje alle songane er innertiarar. Garasjerock-songan er fleire grader meir blues enn den permanent eksploderande protopunken dei gjentar på den avsluttande 'Exorcism of Despair' i tilfelle du skulle gløyma spenninga. Og buddhismen er meir openberr: post-flagellant kultur, eksistens som ei freisting, 'Offering the modern crowd an absolute/Worthy of its nothingness.' Om du har gløymt referanseramma, er det likevel òg ei reggae-nyinnspeling av «Trash». Og til slutt kombinerer tekstane til David Johansen på ein eller annan måte ekstrem skepsis, metafysisk fortviling, romantisk smerte, botnsolide agape og l-u-v.»[9]

Steve Kandell frå Spin var meir kritisk, og såg bort frå Cause I Sez So som «berre moro og harmlaus garasjeblues ... men til sjuande og sist like lite viktig som debutplata deira var essensiell».[13]

InnhaldEndra

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cause I Sez So»David Johansen, Sylvain Sylvain3:06
2.«Muddy Bones»David Johansen, Sami Yaffa3:00
3.«Better Than You»David Johansen, Steve Conte3:22
4.«Lonely So Long»David Johansen, Sylvain Sylvain4:05
5.«My World»David Johansen, Sylvain Sylvain3:26
6.«This Is Ridiculous»David Johansen, Steve Conte3:15
7.«Temptation to Exist»David Johansen, Sami Yaffa, Steve Conte4:02
8.«Making Rain»David Johansen, Sylvain Sylvain4:06
9.«Drowning»David Johansen, Sylvain Sylvain3:32
10.«Nobody Got No Bizness»David Johansen, Sylvain Sylvain, Steve Conte2:58
11.«Trash»David Johansen, Sylvain Sylvain3:52
12.«Exorcism of Despair»David Johansen, Sylvain Sylvain4:17
13.«Lipstick, Powder & Paint»Jess Stone4:17
Total lengd:46:26

MedverkandeEndra

New York Dolls

SalslisterEndra

Liste (2009) Plassering
188
US Billboard 200[16] 159

KjelderEndra

  1. «New York Dolls announce «Cause I Sez So»». Punknews.org. 5. mars 2008. Henta 6. mars 2009. 
  2. 2,0 2,1 «Cause I Sez So by New York Dolls Reviews and Tracks». Metacritic. Henta 13. april 2022. 
  3. «'Cause I Sez So by New York Dolls reviews». AnyDecentMusic?. Henta 13. april 2022. 
  4. Deming, Mark (5. mai 2009). «'Cause I Sez So - New York Dolls». AllMusic. Henta 13. april 2022. 
  5. 5,0 5,1 «A.V. Club». Henta 13. april 2022. 
  6. «New York Dolls - Music Review». The Austin Chronicle. Henta 13. april 2022. 
  7. Tamarkin, Jeff (28. april 2009). «New York Dolls | 'Cause I Sez So - CD Reviews». Thephoenix.com. Henta 13. april 2022. 
  8. 8,0 8,1 Perry, Andrew (4. mai 2009). «New York Dolls: Cause I Sez So, review». The Daily Telegraph. Henta 13. april 2022. 
  9. 9,0 9,1 Christgau, Robert (June 2009). «Consumer Guide». MSN Music. Henta 13. april 2022 – via robertchristgau.com. 
  10. Burson, Harry. «New York Dolls: 'Cause I Sez So < PopMatters». Popmatters.com. Henta 13. april 2022. 
  11. Needs, Kris (June 2009). «New York Dolls - Cause I Sez So». Record Collector (363). Henta 13. april 2022. 
  12. Christian Hoard (1. mai 2009). «'Cause I Sez So | Album Reviews». Rolling Stone. Henta 13. april 2022. 
  13. 13,0 13,1 Kandell, Steve (May 2009). «Reviews - New York Dolls: Cause I Sez So». Spin: 94. Henta 13. april 2022 – via Google Books. 
  14. Perry, Jonathan (4. mai 2009). «New York Dolls, 'Cause I Sez So'». The Boston Globe. Henta 13. april 2022. 
  15. Gill, Andy (1. mai 2009). «Album: New York Dolls, Cause I Sez So (Atco)». The Independent. Henta 13. april 2022. 
  16. "New York Dolls Album & Song Chart History" Billboard 200 for New York Dolls. Prometheus Global Media. Henta 18. juli 2020.