Cecilie Broch Knudsen

Cecilie Broch Knudsen (fødd 3. januar 1950) er ein norsk biletkunstnar og administrator innan norsk kunstsektor.

Cecilie Broch Knudsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. januar 1950 (74 år)
New York
Yrke kunstmålar, illustratør
Far Ditlef Knudsen
Born Nora Ceciliedatter Nerdrum

Bakgrunn endre

Cecilie Broch Knudsen blei fødd i New York som dotter av ambassadøren Ditlef Knudsen og Anna Sophie Broch.[1]

Ho var sambuar med målaren Odd Nerdrum frå 1977 til 1991.[1] Saman fekk dei tre barn, blant desse er kuratoren Nora Ceciliedatter Nerdrum.

Virke endre

Knudsen er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, Statens Kunstakademi og Statens yrkespedagogiske høgskole. Ho var rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo frå 2007 til 2015,[2] og rektor ved Einar Granum Kunstfagskole i perioden 1996–2007.

Diktarstien endre

I 1992 hadde Hardanger Folkemuseum ei utstilling der korte, poetiske tekstar av Terje Johanssen var hogde i stein. Året etter blei ein av steinane lagt som den første skiferhella i ein påbyrja diktarsti i museumstunet på Utne, i samband med 85-årsdagen til diktaren Olav H. Hauge. Ideen var utvikla av Broch Knudsen og den dåverande direktøren for museet, Ågot Gammersvik. Seinare har ein ny diktar fått «Skiferhella», og æra av å sjå sin tekst på ei skiferhelle i Diktarstien kvart år.[3] Alle steinane er utforma, og teksten hogd ut, av Broch Knudsen. I 2017 gav Nynorsk kultursentrum avd Olav H. Hauge-senteret og Hardanger og Voss museum avd. Hardanger folkemuseum ut ei jubileumsbok som presenterte alle tekstane og steinane i Diktarstien.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Sjøvoll, Therese (1. oktober 2015). «Odd Nerdrum». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 28. november 2017. 
  2. «Rektors signatur.» (på norsk). Kunsthøgskolen i Oslo. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 11. desember 2016. «Tidligere rektorer. 2007–2015: Cecilie Broch Knudsen» 
  3. «Diktarstien». Hardanger og Voss Museum. Henta 28. november 2017.