Odd Nerdrum
Odd Nerdrum (fødd 8. april 1944 i Helsingborg) er ein norsk kunstmålar.
Odd Nerdrum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. april 1944 (80 år) Helsingborg |
Yrke | kunstmålar |
Far | David Sandved |
Ektefelle | Turid Spildo |
Born | Nora Ceciliedatter Nerdrum, Öde Nerdrum |
Odd Nerdrum på Commons |
Kunsten hans Odd Nerdrum er tydeleg påverka av kunstnarar som Caravaggio og Rembrandt. I perioden frå starten av nittitalet og fram til i dag, har motiva hans tydeleg blitt prega av underleg påkledde eller heilt avkledde figurar. Kysten av Vestfold, og det islandske lavalandskapet blir mykje brukt som bakteppe for stemningsbileta og dei sjølvbiografiske forteljingane hans.
Nerdrum har erklært seg sjølv som ein kitschmålar. I kitschen er det handverket som skal bere fram ideen. I det meste av samtidskunsten er det derimot ideen og ikkje handverket som gjeld. Nerdrum produserer små seriar, og særs få galleri har tilgang på bileta hans.
Kontroversar
endreOdd Nerdrum har gjennom karrieren fått stor merksemd både i Noreg i utlandet, og kunsten hans er både vorte applaudert og kritisert, og kalla provoserande. Mellom hans mest kjende måleri er «Mordet på Andreas Baader», der han fremstilte terroristen som eit offer, og «Selvportrett i gylden skrud», der han måla seg sjølv med erigert penis.[1]
Skattesvik og benåding
endreI 2014 vart Odd Nerdrum dømd for skattesvik i Borgarting lagmannsrett, til eitt år og åtte månaders fengsel. Nerdrum vart dømd for å ha lurt unna 6,9 millioner kroner, sju millioner kroner mindre enn beløpet i tiltalen. Han vart benåda av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (FrP) i oktober 2017. Han sat ikkje i fengsel ein einaste dag. Grunngjevinga for benådinga er personopplysningar som er underlagt teieplikt, sa justisministeren den gongen.[2]
Kjelder
endre- «Odd Nerdrum». Fine Art.
- «Odd Nerdrum Biography». Nerdruminstitute.
Referansar
endre- ↑ Karianne Grindem (23. mars 2018). «Nerdrums sønn: - Jeg lærte tidlig at ferier er for underklassen». Dagbladet.no.
- ↑ Anders Grønneberg; Knut-Eirik Lindblad (9. oktober 2017). «Ingen får vite grunnen til Odd Nerdrum-benådningen: - Underlagt taushetsplikt». Dagbladet.no.