Cercotrichas
Cercotrichas er ei biologisk slekt av krattskvettar og hekkskvettar i flugesnapparfamilien, Muscicapidae.
Cercotrichas | |
Hekkskvett, Cercotrichas galactotes Foto: El Golli Mohamed
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae |
Stamme: | Copsychini |
Slekt: | Cercotrichas F. Boie, 1831 |
Dette er mellomstore insektetande fuglar i slekta Cercotrichas. Dei var tidlegare i trastefamilien, (Turdidae), men vert oftare no handsama som ein del av den gamle verdas flugesnapparfamilie, (Muscicapidae). Dei er ikkje nært nærskyldt med krattskvettar i slekta Drymodes, som er medlemmer av australske flugeskvettar.
Slektsnamnet Cercotrichas er frå antikken sin greske kerkos, «hale» og trikhas, «trøst».[1]
Krattskvettar og hekkskvettar er hovudsakleg afrikanske artar som lever i open skog eller i krattskog, hekkar i buskar eller på bakken, men arten hekkskvett har òg hekkeområde i Sør-Europa og austover til Pakistan.
Artslista
endreKategorisering av taksona i denne slekta varierer frå autoritet til autoritet. BirdLife International (2017) IUCN raudliste for fuglar listar berre fem artar.[2] EBird/Clements Checklist v2017 listar heile 11 artar.[3]
Cercotrichas i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Karookrattskvett, Cercotrichas coryphoeus, Karoo Scrub-Robin, Vieillot, 1817 , (LC)
- Jungelkrattskvett, Cercotrichas leucosticta, Forest Scrub-Robin, Sharpe, 1883 , (LC)
- Zulukrattskvett, Cercotrichas signata, Brown Scrub-Robin, Sundevall, 1850, (LC)
- Kanelkrattskvett, Cercotrichas quadrivirgata, Bearded Scrub-Robin, Reichenow, 1879 , (LC)
- Miombokrattskvett, Cercotrichas barbata, Miombo Scrub-Robin, Hartlaub & Finsch, 1870 , (LC)
- Svartkrattskvett, Cercotrichas podobe, Black Scrub-Robin, Müller, 1776, (LC)
- Hekkskvett, Cercotrichas galactotes, Rufous-tailed Scrub-Robin, Temminck, 1820, (LC)
- Sahelhekkskvett, Cercotrichas minor, African Scrub-Robin, Cabanis, 1850
- Kalaharikrattskvett, Cercotrichas paena, Kalahari Scrub-Robin, Smith, 1836, (LC)
- Graskrattskvett, Cercotrichas hartlaubi, Brown-backed Scrub-Robin, Reichenow, 1891, (LC)
- Kvitbrynkrattskvett, Cercotrichas leucophrys, Red-backed Scrub-Robin, Vieillot, 1817, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cercotrichas» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2017.
- Referansar
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 97. ISBN 978-1-4081-2501-4..
- ↑ Søk i BirdLife International (2017) IUCN Red List for birds. Henta 10. desember 2017
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)