Ceyhan er ein by søraust i Tyrkia med kring 105 000 innbyggjarar (2010) og er den nest største byen i provinsen Adana etter hovudstaden Adana. Ceyhan er eit trafikknutepunkt for olje- og naturgass frå Midtausten, Sentral-Asia og Russland. Han ligg ved Ceyhan-elva, som han er kalla opp etter, sentralt i Çukurova, 43 km aust for Adana. Ceyhan-elva er demd opp ved Aslantas for å regulere flaumvatn og gje kunstigvatn for det vesle nedslagsfeltet kring Ceyhan.

Ceyhan
by
Hierapolis-borga nær Ceyhan
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Adana
Koordinatar 37°2′N 35°49′E / 37.033°N 35.817°E / 37.033; 35.817
Areal 1 444 km²
Folketal 105 879
Borgarmeister Hüseyin Sözlü
Tidssone EET (UTC+2)
 •  Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 01x xx
Bilnummer 01
Kart
Ceyhan
37°01′44″N 35°48′45″E / 37.028888888889°N 35.8125°E / 37.028888888889; 35.8125
Kart som viser Ceyhan.
Kart som viser Ceyhan.
Kart som viser Ceyhan.
Wikimedia Commons: Ceyhan
Nettstad: http://www.ceyhan.bel.tr

Transportterminalen ved Ceyhan er endepunktet til Baku–Tbilisi–Ceyhan-røyrleidninga som fraktar råolje frå Kaspihavet gjennom Aserbajdsjan og Georgia, og går inn i Tyrkia i nordaust. Røyrleidninga stod ferdig i mai 2005. Ceyhan-terminalen er endestasjon for Kirkuk-Ceyhan-oljerøyrleidninga og den planlagdeSamsol-Ceyhan-røyrleidninga.

Kjelder

endre