Chacoprovinsen
Chaco er ein provins nord i Argentina, nær grensa til Paraguay. Provinsen ligg i nordaust av landet og grensar i nord til elva Bermejo som skil Chacoprovinsen frå Formosa, i aust til elvane Paraguay og Paraná som høvesvis skil han frå republikken Paraguay og provinsen Corrientes, i sør til Santa Fe, i vest til Santiago del Estero og i nordvest til provinsen Salta. Etter den siste oppdateringa av grensene har Chaco eit areal på 99 633 km², noko som gjer han til den tolvte største provinsen i landet.
Chacoprovinsen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Del av | South America Midwest Integrated Zone | ||
Hovudstad | Resistencia | ||
Areal | 99 633 km² | ||
Folketal | 1 129 606 (2022)[1] | ||
Chaco 27°27′05″S 58°59′12″W / 27.451388888889°S 58.986666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Chaco Province |
Økonomien blir stødd av primærsektoren, der dyrking av bomull, soya, storfeproduksjon og tømmerutvinning skil seg ut.
Chacoprovinsen har ei av dei største opphavlege folkesetnadene i landet, med folkeslaga wichí, qom og mocovíe. I tillegg til befolkninga av urfolksopphav, fekk territoriet til den noverande provinsen innvandrarar frå andre provinsar og land. For tida er det etterkommarar av ei rekke europeiske og afrikanske folk og nasjonar.
I 2010 vart Chaco den andre argentinske provinsen som vedtok meir enn eitt offisielt språk, ved å erklære qom (etnisk språk frå toba-folket), moqoit (etnisk språk frå mocoví-folket) og wichi (etnisk språk frå wichi-folket) som alternative offisielle språk i provinsen. På denne måten vart Chaco saman med naboprovinsen Corrientes dei einaste i republikken Argentina som har eit offisielt språk i tillegg til spansk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger innleiinga på «Provincia del Chaco» frå Wikipedia på spansk, den 3. november 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.