Charles III av Storbritannia

kongen av Storbritannia
(Omdirigert frå Charles, prins av Wales)

Charles III (fødd 14. november 1948) er konge av Storbritannia og 14 andre land i Samveldet av nasjonar: Antigua og Barbuda, Australia, Bahamas, Belize, Canada, Grenada, Jamaica, New Zealand, Papua New Guinea, Saint Kitts og Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadinane, Salomonøyane og Tuvalu. Han vart konge etter at mor hans, dronning Elisabeth II, døydde den 8. september 2022.[1] Han var då den eldste personen til å koma på trona i britisk historie, i ein alder av 73 år. Kroninga fann stad den 6. mai 2023 i Westminster Abbey.[2]

Charles III

Fullt namnCharles Philip Arthur George Mountbatten-Windsor
Fødd14. november 1948 (76 år)
FødestadBuckingham Palace i England i Storbritannia
MorElizabeth II av Storbritannia
FarPrins Philip, hertug av Edinburgh
EktefelleDiana Spencer (1981–1996)
Camilla Parker Bowles (2005–)
BarnWilliam av Wales
Henry av Wales
HusWindsor
MedlemDet britiske kongehuset
Royal Society of Literature
Académie des sciences morales et politiques
White's
Royal Society

Familie og slektskap

endre
 
Charles og Prinsesse Anne av Storbritannia fotografert i Bergen i 1969.
Foto: Eirik Sundvor. Biletet høyrer til Trondheim byarkiv.

Charles er den eldste sonen til dronning Elisabeth II og prins Philip.[3] På same vis som faren prins Philip, høyrer han til Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Han var gift med prinsesse Diana frå 29. juli 1981 til dei skilde lag den 28. august 1996. Dei fekk to søner saman, prins William og prins Harry.

Den 9. april 2005 gifta Charles seg så med Camilla Parker Bowles, no dronning-gemal Camilla av Storbritannia, i ein borgarleg vigsel i rådhuset i Windsor.[4]

Heider

endre

I 1978 vart Charles tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Kjelder

endre
  1. Tjoflot, Eirin (8. september 2022), «Storbritannias dronning Elizabeth II er død», NRK, henta 8. september 2022 
  2. Vilde Helljesen; Gry Blekastad Almås; Milana Knežević & Helge Carlsen. «Nå er kong Charles kronet til konge av Storbritannia» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. mai 2023. 
  3. «King Charles | Biography, Diana, Wife, & Age | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 8. september 2022 
  4. Oliver, Mark (9. april 2005). «Charles and Camilla wed». The Guardian. Arkivert frå originalen 22 August 2013. Henta 22. august 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Charles III av Storbritannia