Charles Thomas Philippe Ulm (18. oktober 18983. desember 1934) var ein australsk luftfartspioner.

Charles Ulm

Statsborgarskap Australia
Fødd 18. oktober 1898
Melbourne
Død

3. desember 1934 (36 år)
Stillehavet

Yrke flygar, forretningsdrivande
Språk engelsk
Charles Ulm på Commons

Ulm slutta seg til Australian Flying Corps i september 1914, då var han 16 år gammal. Han kom inn fordi han la på eit par ekstra år på alderen. Han deltok og vart såra ved Gallipoli i 1915 og på Vestfronten i 1918.

Charles Ulm var gift to gonger. Fyrste ekteskapet varte frå 1919 til 1927. Deretter gifta han seg på nytt.

Samarbeidet med Charles Kingsford Smith endre

Ulm er best kjend for sit samarbeide med Sir Charles Kingsford Smith. Han var Kingsford Smiths avløysarpilot på mange av hans berømde flygningar, kanskje mest kjend for flygninga over Stillehavet i 1928, frå USA til Australia. Ulm var den av dei to med best forretningssans og fekk skaffa økonomisk støytte til flygningane. Ulm var òg med som forretningspartner då Kingsford Smith starta Australian National Airways. Eit flyselskap som fekk ein særs kort levetid på byrjinga av 1930-talet.

 
Ulm og Sothern Cross

Seinare flyvninger og forsvinningen endre

Etter det mislukka forsøket med Australian National Airways, kjøpte Ulm eit av selskapet sine fly, ein Avro X for seg sjølv og gav det namnet Faith in Australia. Med dette flyet deltok Ulm og sette ny rekord i kappløpet England – Australia i 1933. Turen vart gjennomført på 6 dagar, 17 timar og 56 minutt som var ny rekord.

Han gjennomførte seinare fleire flygingar over Tasmanhavet mellom Australia og New Zealand.

Ulm forsvann i desember 1934 saman med sin co-pilot og navigatør/telegrafist, under ein flyvning frå Oakland til Hawaii i ein Airspeed Envoy. Det vart anteke at uventa sterk motvind og dårleg vêr bidrog til at dei flaug forbi Hawaii i mørket og ut i Stillehavet til dei gjekk tom for bensin.

Til trass for eit intensivt søk av fly og 23 marinefartøy vart det ikkje funne spor etter korkje fly eller besetning. Ulm hadde vald ikkje å ta med redningsflåte for å spara vekt, då han var av den oppfatninga at flyet ville halda seg flytande i minst to døgn viss dei skulle tvingast ned på havet.

Flyet var vorte modifisert for å møta Ulms krav og Airspeeds tekniske leier, Nevil Shute Norway, antok seinare i sin sjølvbiografi at utforminga av kabinen hadde bidrege til navigasjonsproblem, då den uerfarne navigatøren var plassert eit stykke bak piloten.

Etterminne endre

I 1978 vart Ulm minna ved at det australske postvesenet gav ut eit frimerke der Ulm var avbilda saman med Southern Cross.

Qantas har kalla opp eit Airbus A380 etter Charles Ulm.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre