Charlotte Amalie på Dei amerikanske Jomfruøyane
Charlotte Amalie er hovudstaden i Dei amerikanske Jomfruøyane og ligg på øya Saint Thomas. Han hadde i 2004 eit innbyggjartal på 19 000. Byen er ein viktig hamneby og eit turistsenter. Av næringar finst handverk og tilverking av rom. Byen har ein synagoge frå 1833 og fleire kyrkjer, den eldste frå 1846.
Charlotte Amalie | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Region | Dei amerikanske Jomfruøyane | ||
Areal | 3,14 km² | ||
Folketal | 18 481 (2010) | ||
Charlotte Amalie på Dei amerikanske Jomfruøyane 18°21′N 64°57′W / 18.35°N 64.95°W | |||
Wikimedia Commons: Charlotte Amalie |
Charlotte Amalie vart grunnlagd i 1672 som dansk koloni og vart oppkalla etter Charlotte Amalie av Danmark og Noreg. Han var ein del av Dansk Vestindia fram til 1917. Byen heitte Saint Thomas mellom 1921 og 1936.