Chia
Chia (Salvia hispanica) er ein blomsterplante i leppeblomfamilien. Planten finst i Mexico, Guatemala, Paraguay, Argentina, Peru og Bolivia.[1]
Chia | |
Chiaplanten frå Costa Rica. | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Stamme: | Mentheae |
Slekt: | Salvia |
Art: | Chia S. hispanica |
Vitskapleg namn | |
Salvia hispanica |
Det finst tekstar i Mendoza-kodeksen frå 1500-talet som indikerer at planten vart dyrka av aztekarar i førkolumbisk tid, og økonomiske historikarar har foreslått at han var like viktig som mais som grøde.[2] Chia er framleis brukt mange stader i Sør-Amerika der kjernane tidvis blir malne, andre gonger bruker ein alt i næringsrike drykker eller som matkjelde.[3]
Etymologi
endreOrdet «chia» er avleidd frå nahuatl (aztekisk) i tydinga «oljeaktig», som i vegetabilsk olje.[4] Dagens meksikanske delstat Chiapas har namnet sitt frå nahuatl «chiavatn» eller «chiaelv». Den er den eine av to plantar som er kjende som chia. Den andre var Salvia columbariae, folkeleg kjend som «gullchia» eller «ørkenchia».
Biletgalleri
endre-
Blomane til chiaplanten
-
Chiafrø
-
Chiafrø
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chiafrø» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Salvia hispanica L.» (på engelsk). Germplasm Resources Information Network (United States Department of Agriculture). 19. april 2000
- ↑ Cahill, Joseph P. (2003): «Ethnobotany of Chia, Salvia hispanica L. (Lamiaceae)» i: Economic Botany 57 (4), s. 604–618. doi:10.1663/0013-0001(2003)057[0604:EOCSHL2.0.CO;2].
- ↑ Kintzios, Spiridon E. (2000): Sage: The Genus Salvia. CRC Press. ISBN 9789058230058, s. 17.
- ↑ «The Plant List: A Working List of All Plant Species», Theplantlist.org