Chiavenna
Chiavenna er ein småby og ein kommune i provinsen Sondrio i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen har vel 7 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 11,1 km². Byen ligg 333 meter over havet, om lag 40 kilometer nordvest for provinshovudstaden Sondrio.
Chiavenna | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 10,77 km² | ||
Folketal | 7 236 (1. januar 2023)[1] | ||
![]() Chiavenna 46°19′00″N 9°24′00″E / 46.316666666667°N 9.4°E | |||
Wikimedia Commons: Chiavenna |
Chiavenna er i dag kjent for bykjerna og sine restaurantar. Chiavennas største grannekommunar er Piuro og Prata Camportaccio. Saman med desse stadene dannar Chiavenna eit buområde med om lag 12 000 menneske.
Geografi
endreChiavenna ligg rundt 25 km nord for Comosjøen, ved elva Mera. Byen er sentrum for Valchiavenna. Frå Chiavenna går to fjellovergangar i Alpane, nytta allereie under romarriket. Den eine overgangen fører nord gjennom Val San Giacomo over Splügenpasset til Chur i Graubünden. Den andre fører mot aust gjennom Val Bregaglia over Malojapasset og vidare over Julierpasset til Chur.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chiavenna» frå Wikipedia på tysk, den 15. juli 2013.