Chiers
Chiers (på fransk, luxembourgsk Kuer, tysk Korn) er ei elv som renn gjennom Luxembourg, Belgia og Frankrike. Ho er ei av sideelvene til elva Maas frå høgre, med ei totallengd på 112 km.
Chiers | |||
elv | |||
Land | Frankrike, Belgia Luxembourg | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 222 km² | ||
Lengd | 112 km | ||
Kjelde | Sørleg delar av Luxembourg | ||
• høgd | om lag 350 moh. | ||
Munning | Maas | ||
Chiers 49°30′14″N 5°53′52″E / 49.503944444444°N 5.8976944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Chiers |
Elva har utspring nær Differdange i Luxembourg. Chiers renn hovudsakleg vestover, og kryssar grensa til Frankrike, og renn så gjennom Longwy og Longuyon (Meurthe-et-Moselle département). Ho dannar her grense med Belgia eit par kilometer nær Torgny. Ho held fram gjennom Frankrike, langs Montmédy (Meuse département) og Carignan (Ardennes département). Til slutt munnar Chiers ut i elva Maas (Meuse) i Bazeilles, nær Sedan.