Chingford er ein by i Waltham Forest i Stor-London, omkring 16 km nordaust for Charing Cross. Nord og aust for byen ligg Epping Forest og grensa til Essex. Mot vest finn ein King George's Reservoir og elva Lee.

Chingford

Queen Elizabeth's Hunting Lodge
Queen Elizabeth's Hunting Lodge
Queen Elizabeth's Hunting Lodge
Plassering
Chingford is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Stor-London
Distrikt Waltham Forest
Geografi
Koordinatar 51°38′N 0°1′E / 51.633°N 0.017°E / 51.633; 0.017
Diverse annan informasjon
Postnummer E4
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons har multimedium som gjeld: Chingford

Historie endre

Staden er nemnt i Domesday Book (1086) som Cinghefort. Dei eldste busetnadane var landsbyar ved Chingford Green og Chingford Hatch. Langs elvebreidda var det ein del trafikk, fordi staden låg langs ruta mellom Waltham Abbey og Stratford via Walthamstow.

Stadnamnet har gjeve namn til elva Ching gjennom ei tilbakedanning, fordi ein på eit tidspunkt trudde at det tydde «vadestaden i Ching». Men det kjem eigentleg frå cëgingaford, som tyder «dei som bor ved den stutte vadestaden».

Chingford vart ein marknadsby i løpet av mellomalderen. Langt inn på 1800-talet bestod han ikkje av stort meir enn ei klynge landsbyar og garder som låg nokså isolert. I 1873 endra dette seg då jernbanen kom. Då Corporation of London fekk ansvaret for Epping Forest i 1878 vart det enda meir aktuelt for pendlarar å busette seg der. I 1882 vart skogen offisielt opna for publikum av dronning Victoria.

I 1894 vart Chingford eit urbant distrikt, og fekk dermed status som by. I 1965 vart den innlemma i bydelen Waltham Forest og dermed i Stor-London. Han utgjer dermed ikkje lenger eit eige distrikt, men er framleis ein by innanfor ein større by. I mellomkrigsåra var det stor utvikling, og seinare har det mellom anna kome eit stort handelsområde på Chingford Mount.

Attraksjonar endre

Queen Elizabeth's Hunting Lodge, opphavleg kalla Great Standing, vart bygt for Henrik VIII i 1543. Han vart brukt når monarken ønskte å sjå hjortane i skogen, og fekk seinare namn etter Elizabeth I fordi ho sette pris på staden. Hytta er endra mykje etter hennar tid. Bygningen ligg i Epping Forest rett utanfor byen, og er open for publikum.

Pole Hill, òg rett utanfor byen, står ein obelisk i granitt. Han vart reist i 1824 av John Pond, som var kongeleg astornom. Obelisken markerer nordleg retning frå Greenwich-observatoriet. Plasseringa skulle vere på Greenwichmeridianen, men ved omkalkuleringa av denne på 1800-talet kom ein til at han står omkring fem og ein halv meter vest for meridianen.

Kjelder endre