Chitral
31°32′59″N 74°20′37″E / 31.54972°N 74.34361°E
urdu چترال Citrāl khowar C̣hetrar | |
---|---|
Styresmakter | |
Land |
Pakistan |
Geografi | |
Flatevidd | 35,9 km² |
Flatevidd - By |
14 850 km² |
Innbyggjarar - By (2006) |
20 000 |
Høgd over havet | 1517 m |
Tidssone | Pakistantid (UTC) |
Diverse anna | |
Telefon-retningsnummer | 0943 |
Heimeside: http://www.chitral.gov.pk/ |
Chitral er namnet på ein by, ein dal, ei elv og eit distrikt i Malakand Division i Den nordvestlege grenseprovinsen i Pakistan. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar og distriktet om lag 300 000. Fram til 1970 var Chitral ein fyrstestat.
Chitraldalen grensar til fjellkjeda Hindukush i nord, og det høgaste fjellet, Tirich Mir (khowar Teric Mer) kan sjåast lengst nord. Elva Kunar renn gjennom dalen, og ein dyrkar kveite, bygg, mais, ris, valnøtt, aprikos og morbær i terrassar i dalsidene.
Språk
endreHovudspråket i Chitral er det dardiske språket khowar. Eit anna dardisk språk, kalasha, blir tala i eit sidedalføre til Chitral-dalen.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Chitral» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2010.
- «Chitral» i Store norske leksikon, snl.no.