Sumpterner
Sumpterner (Chlidonias) er ei biologisk slekt av terner og medlem av måsefamilien, Laridae. Gruppa er representert på alle kontinent unntatt Antarktis. Svartterne er einaste representanten i Sør-Amerika, der ho er trekkfugl frå Peru til Guianaregionen, elles er ikkje denne gruppa utbreidd på kontinentet. Maoriterna er endemisk for New Zealand.
Sumpterner | |
Kvitvengsvartterne, Chlidonias leucopterus, i Biebrzanski Park Narodowy, Polen Foto: Frank Vassen
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Underfamilie: | Sterninae |
Slekt: | Sumpterner Chlidonias Rafinesque, 1822 |
Skildring
endreDette er små terner med relativt korte, breie venger og mindre kløfta haler enn til dømes Sterna-terner. Dei flyg med meir flakkande fluktretning enn andre terner og snappar byttedyr som insekt frå vassoverflata heller enn å stupdukke. Dei fangar òg småfisk. Kvitkinnsvartterner kan snappe insekt i lufta.[1]
Hekkehabitat ligg ved ferskvatn i innlandet.
- Artslista
Chlidonias i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Svartterne, Chlidonias niger, Black Tern
- Kvitvengsvartterne, Chlidonias leucopterus, White-winged Tern
- Kvitkinnsvartterne, Chlidonias hybrida, Whiskered Tern
- Maoriterne, Chlidonias albostriatus, Black-fronted Tern
Kjelder
endre- Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820
Referansar
endre- ↑ Gochfeld, M., Burger, J. & Kirwan, G.M. (2016). Whiskered Tern (Chlidonias hybrida). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/54045 on 10 October 2016).
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)