Vade-, måse- og alkefuglar
Vade-, måse- og alkefuglar | |
![]() Svarthalespove Limosa limosa | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes Huxley, 1867 |
Vade-, måse- og alkefuglar (Charadriiformes) er ein mangfaldig biologisk orden av små til mellomstore fugleartar. Gruppa inneheld meir enn 370 artar og har medlemmer i alle delar av verda. Dei er mest talrike i nærleiken av vatn og et virvellause dyr eller andre smådyr, men somme er pelagiske, andre lever i ørkenar og nokre få finst i tjukke skogen.
Oversyn av familiar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013.[1]




- Slirenebbfamilien, Chionididae
- To artar knytt til Antarktis: antarktisslirenebb på fastlandet og på øyar i subantarktisk del av Sør-Atlanteren, maskeslirenebb er ein subarktisk øyart med leveområde i sørlege del av Indiahavet.
- Gulpesnipefamilien, Pluvianellidae
- Gulpesnipa lever lengst sør i Sør-Amerika, liknar steinvendar i utsjånad og oppførsel.
- Trielfamilien, Burhinidae
- Ti artar er spreidd i den tempererte sona verda rundt, føretrekkjer tørre eller halvtørre område. Av desse er arten triel eurasisk og ein tilfeldig vitjar i Noreg.
- Krokodillevaktar, Pluvianidae: Ein vadefugl med leveområde i tropisk Afrika sør for Sahara som hekkar på sandbankar av store elver.
- Avosettfamilien, Recurvirostridae
- Familien med ni artar av avosettar og stylteløparar finst spreidd på alle kontinent unntatt Antarktisk. Karakteristisk er lange bein. Stylteløpar er ein sjeldan gjest i Noreg, avosett var tidlegare tilveldig hekkefugl på Jæren.
- Ibisnebbfamilien, Ibidorhynchidae
- Tjeldfamilien, Haematopodidae
- Samlar 11 artar langs alle kystar i verda med unntak av tropisk Afrika og Søraust-Asia. Den eurasiske tjeld er vanleg i Noreg.
- Lofamilien, Charadriidae
- 67 artar av loar og viper lever verda rundt helst nær vatn. Av desse er vipe og sandlo vanlege i Noreg.
- Slettevandrarfamilien, Pedionomidae
- Slettevandrar er endemisk for Australia som liknar på vaktel i utsjånad.
- Rypesnipefamilien, Thinocoridae
- Riksesnipefamilien, Rostratulidae
- Tre artar med habitat i våtmark: rikssnipe i Afrika, India og Søraust-asia, australrikssnipe er ein sjeldan, trua art i Australia, og dvergrikssnipe i Sør-Amerika.
- Bladhønsfamilien, Jacanidae
- Dei åtte artane er spreidd i temperert sone over heile verda. Dei har lange tær og kan gå på flytande vegetasjon.
- Snipefamilien, Scolopacidae
- Den mest talrike familien på artar i ordenen med nær 90 artar spreidd verda rundt.
- Springvaktelfamilien, Turnicidae
- 16 artar på varmt grasland i Asia, Afrika og Australia, dei er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge.
- Krabbeetarfamilien, Dromadidae
- Krabbeetaren liknar loar, men har lange bein. Leveområdet er rundt Indiahavet, rundt Raudehavet og Persiabukta sør til og med Madagaskar.
- Brakksvalefamilien, Glareolidae
- 8 artar ørkenløparar og 8 artar brakksvaler i tempererte område av Europa,
- Jofamilien, Stercorariidae
- Sju artar i arktiske og antarktiske strøk, fire av dei finst i Noreg eller ved kysten: storjo, polarjo, tjuvjo og fjelljo. Dei andre artane er kaneljo, sørjo, og sørhavsjo, alle tre hekkar på den sørlege halvkule. Dei er gode flygarar, og har ofte fleire fargevariantar, morfar.
- Alkefamilien, Alcidae
- 24 artar av særs gode symjarar og dukkarar, lever i kjølige nordlege farvatn. Seks artar i Noreg.
- Måsefamilien, Laridae
* Måsar Ca. 50 artar spreidd verda rundt. Ni hekkefuglar i Noreg inklusive Svalbard, i tillegg er ca. 6–7 gjesteartar.
* Terner og noddyar, 44 artar over heile verda, jaktar med stupdukk.
* Saksenebb, tre artar i Afrika, Sør-Asia og Amerika som fiskar flygande med undernebbet i vassflata.
Triel, Burhinus oedicnemus
Antarktisslirenebb, Chionis albus
Kronvipe, Vanellus coronatus
Gulpesnipe, Pluvianellus socialis
Amerikasvarttjeld, Haematopus bachmani
Ibisnebb, Ibidorhyncha struthersii
Slettevandrar, Pedionomus torquatus
KjeldeEndra
- Artikkelen Charadriiformes på engelsk Wikipedia med underartiklar om familiar
- Artikkel om Ismåse hos Norsk Polarinstitutt
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 4. november 2013