Opna hovudmenyen

Chris Blackwell

britisk musikkprodusent

Christopher Percy Gordon Blackwell (fødd 22. juni 1937) er ein engelsk forretningsmann og tidlegare plateprodusent. Han skipa Island Records, som er blitt kalla «eit av dei viktigaste, sjølvstendige plateselskapa i Storbritannia».[1] I følgje Rock and Roll Hall of Fame, som Blackwell vart innlemma i i 2001, er det «ingen andre enn han som har gjort så mykje for å få verda hekta på reggae[2]

Chris Blackwell
Fødd22. juni 1937 (82 år)
FødestadWestminster i London i England
FødenamnChristopher Percy Gordon Blackwell
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1959
SjangerRock, reggae
PlateselskapIsland
Verka somPlateprodusent
Forretningsmann
MorBlanche Blackwell
PrisarGrammy Trustees Award, Musgrave Medal

Han skipa Island Records på Jamaica den 22. mai 1959, like før han fylte 22, og Blackwell var blant dei første som spelte inn den jamaicansk popmusikken som kom til å bli kjend som ska. Då han kom attende til Storbritannia i 1962, selde han plater frå bilen sin til det jamaicanske samfunnet.[1]

Med støtte frå Stanley Borden frå RKO, voks forretningane til Blackwell stadig, og han var med å forme karrierane til Bob Marley, Grace Jones og U2 blan mange andre. Han produsert mange kjende album, som Marley sine Catch A Fire og Uprising,[3] og debtualbumet til The B-52's i 1979.

FilmarEndra

  • Dr. No (1962) - handlangar som hoppar frå ein kai og ut i vatnet (ikkje oppført)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Perry, Andrew (20 May 2009). «Chris Blackwell interview: Island Records». The Daily Telegraph (UK). Henta 28 May 2010. 
  2. «Chris Blackwell Biography». The Rock and Roll Hall of Fame. Henta 28 May 2010. 
  3. Hagerman, Brent (February 2005). «Chris Blackwell: Savvy Svengali». Exclaim.ca. Arkivert frå originalen 27. april 2012. Henta 29. desember 2010.