Westminster er eit område i det sentrale London i England. Det utgjer kjernen i bydelen City of Westminster, og omfattar stader som Westminsterpalasset det Det britiske parlamentet er samla, Westminster Abbey og Westminsterkatedralen.

Westminster
bydel
Land  Storbritannia
Kart
Westminster
51°29′58″N 0°08′00″W / 51.4995°N 0.1333°W / 51.4995; -0.1333
Wikimedia Commons: Westminster

University of Westminster har tre av sine fire campusar innanfor Westminster.

Staden har vore eit sentrum i engelsk og seinare britisk politikk sidan Edvard Bekjennaren si tid. Han fekk reist eit kongeleg slott, Westminsterpalasset, omkring 1050. Dette vart teke over av Vilhelm Erobraren, og fortsette å vere ein av dei fremste kongelege residensane i lang tid. Etterkvart vart parlamentet etablert der, og namnet Westminster blir difor enno brukt synonymt med riket sitt folkevalde og politiske styresmakter, på same måte som Whitehall, som òg ligg i City of Westminster, refererer til departementa.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Westminster