Christer Fuglesang
Arne Christer Fuglesang (fødd 18. mars 1957) er ein svensk astronaut som jobbar hjå den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Fuglesang vart den første skandinaven i verdsrommet då han reiste med romferja Discovery til Den internasjonale romstasjonen 10. desember 2006. Med seg hadde han ein iPod med gamle ABBA-låtar.
Christer Fuglesang | |||
| |||
Fødd | 18. mars 1957 Nacka | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Sverige | ||
Yrke | fysikar, romfarar, bloggar, barnebokforfattar | ||
Institusjonar | Kungliga Tekniska högskolan | ||
Alma mater | Kungliga Tekniska högskolan Stockholms universitet | ||
Medlem | Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet Kungliga Krigsvetenskapsakademien Den internasjonale astronomiske unionen |
Christer Fuglesang er fødd i Stockholm i Sverige. Han har norsk far, medan mora er svensk. Han byrja studere teknisk fysikk ved Kungliga tekniska högskolan i 1975 og vart sivilingeniør i 1981. Han tok vidaregåande studiar i eksperimentell partikkelfysikk ved Stockholms universitet, gjekk ut i 1987 og vart førelesar i 1991. Han jobba nokre år ved CERN før han han vart vald ut til å verte ein av romfartsorganisasjonen ESA sine astronautar.
I august 1993 vart Christer Fuglesang vald ut som ein av to ESA-astronautar som skulle trene til oppdraget Euromir 95 ved romfartssenteret utanfor Moskva saman med tyske Thomas Reiter. Fuglesang vart ikkje utpeikt til primærbesetninga, men vart i staden Crew Interface Coordinator ved bakkestasjonen i Kaliningrad.
I august 1996 byrja Fuglesang treninga med NASA sine oppdragsspesialistar og vart ferdig med utdanninga i april 1998, då han vart godkjend som astronaut og kunne vere med om bord på ei romferje.