Christian Andreassen

Christian Andreassen (19. januar 18285. oktober 1879) var ein norsk lærar, lensmann, politikar og avismann. Han var fødd i Ullsfjord i Troms, der far hans dreiv gardsbruk.

Christian Andreassen
Fødd19. januar 1828
Ullsfjord kommune
Død5. oktober 1879 (51 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeredaktør, politikar, lærar
BarnAnton Matheus Andreassen
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1880–1882)
  • ordførar i Nesseby (1855–1855)
  • ordførar i Nesseby (1856–1857)
  • vararepresentant til Stortinget (1868–1870)
  • vararepresentant til Stortinget (1877–1879) Sjå dette på Wikidata

Andreassen var elev ved Tromsø seminar, men tok ikkje eksamen. Han var så lærar i Karlsøy. I 1848 flytta han til Nesseby i Aust-Finnmark der han var lærar og etter kvart også kyrkjesongar fram til 1860. Her var han eit år, 1857, også ordførar. Han var lensmann i Polmak frå 1860, deretter frå 1876 i Nesseby til han døydde i 1879.[1]

Andreassen lærte seg samisk språk og omsette salmar og andre tekster til samisk, og skreiv også eigne salmar på samisk. Saman med Johan Eriksen Soffa gav han i 1873 ut den fyrste samiske avisa i Noreg, Muittalægje. Avisa vart gjeven ut fram til 1875, etter å ha kome i 33 nummer vart ho nedlagt grunna lågt opplag og dårleg økonomi.

Andreassen var 1877-79 1. varamann frå Finmarkens amt på Stortinget. Han møtte i 1878 frå 28. mars og heile 1879-sesjonen, i 1878 medlem av tollkomiteen, året etter av justiskomiteen. I 1879 gjorde Andressen framlegg om eit forbod mot kvalfangst med det som den gong var moderne fangstmetodar som dampbåt og harpun. Framlegget fekk fleirtal og vedtektene om kvalfredning tredde i kraft i 1881. Perioden 1. januar-31. mai var det forbod mot kvalfangst nærare land enn ei nautisk mil. Til grunn for striden låg ei oppfatning hos lokale fiskarar om at loddetorskefisket var avhengig av ein god kvalbestand.[2] Andreassen vart i 1879 vald til 1. representant frå Finnmark på Stortinget 1880-82, men døydde i Vadsø straks etterpå.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Notar endre

  1. Deatnu.net - Trekk fra Tanadalens historie, arkivert frå originalen 15. desember 2008, henta 28. oktober 2010 
  2. Justis- og politidepartementet - Bruk av land og vann i Finnmark i historisk perspektiv