Polmak
Polmak (nordsamisk Buolbmát, finsk Pulmanki) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Tana kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Polmak var også ein sjølvstendig kommune frå 1903 til 1964, sjå Polmak kommune.
Polmak | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Tana | ||
Postnummer | 9845 TANA | ||
Preposisjon | i Polmak | ||
![]() Polmak | |||
Wikimedia Commons: Polmak | |||
Bygda endre
Bygda Polmak ligg på sørsida av Tanaelva, kring ein kilometer austom riksgrensa mot Finland. Tana museum[1], Polmak tollstad[2] og Polmak kyrkje ligg her.
Riksveg 895 går gjennom bygda, og om vinteren går det isveg over Tanaelva frå Europaveg 75/Europaveg 6 på nordsida til Polmak.
Kyrkjesoknet endre
Polmak er eit kyrkjesokn i Indre Finnmark prosti i Den norske kyrkja[3] Soknet femner den sørlege delen av Tana kommune, medan den nordlege delen av kommunen tilsvarar Tana sokn.
Det er to kyrkjer i soknet, Polmak kyrkje frå 1853 i bygda Polmak, og Levajok fjellkyrkje frå 1973. I tillegg ligg Sirbmá kapell frå 1954 i Sirma.
Stadnamnet endre
Det norske namnet Polmak er ei forvrenging av det nordsamiske namnet Buolbmát. Det samiske namnet er ikkje tolka.[4]
Referansar endre
- ↑ «Om Tana museum på nettstaden til Tana kommune». Vitja 28. juni 2009
- ↑ «Om Polmak tollstad på nettstaden til Det norske tollvesenet». Vitja 28. juni 2009
- ↑ «Om Polmak sokn på nettstaden til Den norske kyrkja». Vitja 28. juni 2009
- ↑ Frette, Thor (1997). «Polmak». I Jørn Sandnes og Ola Stemshaug. Norsk stadnamnleksikon (4. utgåva, 2. opplaget utg.). Oslo: Det norske Samlaget. s. 351. ISBN 82-521-4905-7.