Christian Blom

norsk politikar

Christian Blom (28. mai 18701960) var ein norsk marineoffiser, skipskonstruktør og verftsdirektør frå Horten. Han var Noregs fyrste fagmann på ubåtar. Blom var også stortingsmann for Høgre i tida 1928-33.

Christian Blom
Fødd28. mai 1870
Død30. november 1960 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Far til Blom var skipsbyggingsinspektør. Sjølv var han sjøoffiser frå 1891, utnemnd til premierløytnant i 1894. Åra 1895-97 utdanna han seg til ingeniør i skips- og skipsmaskinbygging i Paris, studerte sidan skipsbygging også i Düsseldorf. Frå 1897 til 1935 var han tilsett ved Marinens Hovedverft i Horten, fungerte som direktør frå 1915 og tilsett administrerande direktør i 1929.

I 1922 var Blom med om å grunnleggje Norges Standardiseringsforbund, styreformann 1931-35. Han var elles medlem i fleire offentleg kommisjonar og komitear vedkomande marinen og anna sjøfart.

Periodane 1928-30 og 1931-33 var Blom stortingsrepresentant frå valkrinsen Holmestrand, Horten, Tønsberg, Sandefjord, Larvik. Alle tingåra hadde Høgre-mannen sete i Militærkomiteen.

Blom konstruerte skuleskipet «Christian Radich», og hadde i 1936-37 tilsyn med bygginga av skipet ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord.

Under andre verdskrigen var Blom stasjonert i Lunenburg i Nova Scotia i Canada, der han leidde arbeidet med å bygge om 16 norske kvalbåtar til minesveiparar. Samstundes gav han råd til den kanadiske regjeringa i spørsmål om krigføringa.

Kjelder endre