Christian Jakhelln

norsk politikar

Christian Albrecht Jakhelln (31. desember 18637. mai 1945) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Bodø. Han var ordførar i Bodø i 10 1/2 år fordelt på 1899-1900, 1902, 1908-10, 1917 og 1919-22, dessutan varaordførar i 7 1/2 år.

Christian Jakhelln

Fødd31. desember 1863
Bodø
Død7. mai 1945 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
EktefelleSofie Jakhelln
BarnChristian Albrecht Jakhelln, Elise Jakhelln, Anton Sofus Bachke Jakhelln
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1922–1924)
  • ordførar i Bodø (1899–1900)
  • ordførar i Bodø (1902–1902)
  • ordførar i Bodø (1908–1910)
  • ordførar i Bodø (1917–1917)
  • ordførar i Bodø (1919–1922) Sjå dette på Wikidata

Jakhelln arbeidde frå 1879 i faren sitt firma Christian Jakhelln, påbyrja av farfaren, forretningsmannen og politikaren Christian Jackhelln. Gjennom fleire år arbeidde han også utanlands. Han var medeigar i firmaet frå 1895. Frå 1896 til 1917 var han russisk visekonsul. Han var elles ein sentral aktør i Bodø Handelsstands Forening.

Jakhelln var medlem i Bodø bystyre frå 1895 til 1931, med unnatak for valperioden 1911-13. Som fyrste vararepresentant til Stortinget 1922-24 frå kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark, vart han kalla inn då Karl Ivarsson døydde. På Stortinget hadde han sete i Lagtinget. I 1922 var han medlem i Universitets- og fagskulekomiteen, i 1923-24 i Konstitusjonskomiteen.

Kjelder

endre