Karl Ivarsson

norsk skulemann og politikar

Karl Marenius Ivarsson (7. juli 186710. desember 1922) var ein norsk skulemann og politikar frå Trondenes i Troms. Han var stortingsmann frå 1919 til 1922 for partiet Venstre.

Karl Ivarsson
Fødd7. juli 1867
Trondenes kommune
Død10. desember 1922 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre (ukjend; juni 1921), Frisindede Venstre (1921; 1922)
Yrkepolitikar, lærar, skuleleiar, klokkar, skoledirektør
Alle verv

Karl Ivarsson var son til ein fiskar frå Kasfjord i dåverande Trondenes herad. Han dreiv sjølv fiskje i yngre år, gjekk så 1886-88 seminaret i Tromsø. Der etter var han lærar 1898-90 i Måsøy og 1891-98 i Trondenes og Harstad. Frå våren 1898 til 1918 underviste han ved folkeskulen i Vardø, siste fem åra som skulestyrar. Jamsides var han kyrkjesongar i Vardø. I tida frå 1. oktober 1920 til han døydde i desember 1922 var han skuledirektør i Finnmark.

Ivarsson var forlikskommissær i Vardø 1901-17 og bystyremedlem 1904-22. Treårsperioden 1913-16 var han ordførar i Vardø. Hausten 1918 vart han vald til stortingsrepresentant for dei tre byane i Finnmark og Venstre, attvald hausten 1921 som ein av fire representantar frå dei seks byane i Nord-Noreg. På Stortinget var han heile vegen medlem i Konstitusjonskomiteen.

Kjelder endre