Christian Bretteville
Christian Zetlitz Bretteville (17. november 1800–24. februar 1871) var ein norsk offiser, embetsmann og politikar.
Christian Bretteville | |||
| |||
Fødd | 17. november 1800 Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. februar 1871 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Bretteville var fødd i Stavanger. Han vart student i 1821 og cand. jur. i 1826. Frå 1828 var han tilsett i Finansdepartementet, byråsjef 1836. 1839 var han ekspedisjonssekretær i avdelinga for det indre og 1840 for finansane. Frå 1842 var han borgarmeister i Christiania.
Bretteville var ordførar i hovudstaden 1841-42. På Stortinget 1848 representerte han Christiania og Lillehammer, der han var medlem av budsjettkomiteen og formann i komiteen om den dansk-tyske krig og om statslån, medlem av komiteen om pengekrisa og skattestellet i byane.
Våren 1850 fekk Bretteville plass i statsrådet som sjef for Finansdepartementet, seinare styrte han Indredepartementet i fleire periodar frå 1854 til han døydde i 1871. Han var konstituert statsminister i Stockholm frå 16. desember 1858 til juni 1859 og atter ei tid i 1861.
Bretteville mottok storkors av St. Olavs Orden i 1863. Han døydde 1871 i Christiania med han var indreminister.
Brettevilles gate i Oslo er kalla etter han.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914