Kristine
kvinnenamn
(Omdirigert frå Christina)
Kristine og Kristina, med variantane Christine og Christina, er kvinnenamn med opphav i latinske Chrístiána, ei hokjønnsform av mannsnamnet Chrístiánus, seinare Kristian. Namnet tyder 'høyrer til Kristus' eller 'kristen'.
Bruk
endreI 2009 heitte 11 437 norske kvinner Kristine, 5 525 Christine, 4 232 Christina og 3 722 Kristina.
Namneberarar
endre- Kristina av Bolsena, etruskisk martyr
- Christine de Pisan (1363–ca.1434), fransk diktar og tenkjar
- Kristina Abrahamsdotter (1432-1492), finsk adelskvinne
- Kristina av Sverige (1626-1689), svensk monark
- Christina Rossetti (1830–1894), engelsk diktar
- Kristine Bonnevie (1872-1948), norsk biolog og første kvinnelege professoren i Noreg
- Christina Pickles (f. 1935), britisk-amerikansk skodespelar
- Kristine Kathryn Rusch (f. 1960), amerikansk forfattar
- Liv Kristine (f. 1976), norsk vokalist, eigentleg Liv Kristine Espenæs Krull
- Kristina Šmigun (f. 1977), estisk langrennsløpar
- Christina Aguilera (f. 1980), amerikansk songar
- Christina Ricci (f. 1980), amerikansk skodespelar
- Christina Milian (f. 1981), kubansk-amerikansk songar
- Kristine Hermosa (f. 1983), filippinsk skodespelar
- Kristine Eikrem Engeset (f. 1988), norsk friidrettsutøvar
Oppdikta
endre- Christine Daae er namnet på den kvinnelege hovudpersonen i Operafantomet.
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristine hjå Statistisk Sentralbyrå