Kristine Bonnevie
Kristine Bonnevie (fødd 8. oktober 1872 i Trondheim, død 30. august 1948 i Oslo)[1] var ein norsk biolog og første kvinnelege professor i Noreg. Forskingsfeltet hennar var cytologi, genetikk og embryologi.
Kristine Bonnevie | |||
| |||
Fødd | 8. oktober 1872 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 30. august 1948 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | zoolog, universitetslærar, politikar, genetikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Norsk Kvinnesaksforening Norske Kvinnelige Akademikeres Landsforbund |
Ho var dotter av Jacob Aall Bonnevie som ein av ni sysken. Familien flytta frå Trondheim til Kristiania i 1886.
Bonnevie starta å studere medisin i 1892, men bytte studium seinare til zoologi. Studia enda med doktoravhandlinga «Undersøgelser over kimcellerne hos Enteroxenos østergreni» (1906).
Ho var òg student hos Arnold Lang i Zürich i åra 1898-99, hos Theodor Boveri i Würzburg i 1900-01 og hos E.B. Wilson ved Columbia University i New York frå 1906 til 1907. Ho tok over leiinga av Zootomisk laboratorium etter Johan Hjort i 1900.
Rundt 1914 starta ho på arbeidet ho er mest kjend for, arvelighetsforskning, og skipa Institutt for arvelighetsforskning, det seinare Genetisk institutt, i 1916.[1] Etter å ha vore innstilt som førstevalg ved eit professorat ved Bergens Museum i 1912 vart Bonnevie tilbode eit nyetablert professorat ved Det Kongelege Frederiks Universitet som ho takka ja til. Tiltredelsesforelesinga 28. november 1912 hadde titelen: «Retningar og resultat inden den moderne eksperimentel-biologiske forsking.» Ho hadde dette professoratet fram til 1937.[1]
Bonnevie vart det første kvinnelege medlemmet i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1911.[1] Seinare skipa og leidde ho Norske Kvinnelege Akademikeres Landforbund i åra 1922-1925. Ho skipa «Studiehjem for unge piker» i 1916 og Studenterhus i Schulz' gate i Oslo i 1923. Ho tok over hushaldet hos Vilhelm Bjerknes etter kona hans Honorias døydde (Kristine og Honoria var systrer). Ho sat i bystyret i åra 1908-1919 og var suppleant til Stortinget for Frisindede Venstre i perioden 1916-1918.
Utmerkingar
endreKristine Bonnevie fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1920, St. Olavs Orden av første klasse i 1946 og Fridtjof Nansens Belønning i 1935. På Blindern ber biologibygningen namnet Kristine Bonnevies hus. Både i Oslo og i Stavanger er det ei gate oppkalla etter Bonnevie.
Litteratur
endre- Inger Nordal, Dag O. Hessen og Thore Lie: Kristine Bonnevie: et forskerliv, 2012, ISBN 978-82-02-34580-8
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Arne Semb-Johansson. «Kristine Bonnevie». Norsk biografisk leksikon. Henta 7. mars 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Kristine Bonnevie» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2016, revisjon 15446199
Bakgrunnsstoff
endre- NRK Museum Reale pioner-damer (radioprogram og artikkel om Bonnevie av Øyvind Arntsen og Knut Reidar Andresen 09.09.2011
- Agnes Hiorth sitt portrett av Kristine Bonnevie av Ulla Uberg
- Nettutstilling frå Arkivverket