Kristian

mannsnamn

Kristian eller Christian er eit populært mannsnamn som tyder kristen. Opphavet er latinske Christianus som igjen kjem frå gresk khristianós (χριστιανός) som betyr 'tilhengjar av Kristus'. Christian kan òg vera eit slektsnamn.

Emblem for Kristian I, omtalt som «Christiernus».
Namnetrekket til Christian Krohg.
Teikning av den danske forfattaren Kristian Arentzen] med namnetrekk.

Kristian har namnedag den 14. mai i Noreg og den 13. november i Sverige.

Andre former av namnet er Kristen og Krister, medan det har kvinnelege former som Kristina, Kristiane og Kristin.

Bruk endre

Namnet stava Kristian er vanleg namn i Finland, Skandinavia, på Færøyane og Grønland. Stavemåten Christian er vanleg Skandinavia, Finland, Frankrike og Belgia. Variantane Cristian i Chile og Spania og Kristján på Island er blant dei mest brukte mannsnamna i desse landa.

Namnet var mykje brukt i Noreg ved slutten av 1800-talet. Rundt 1880 fekk over 2,0 % av nyfødde namnet Kristian. Bruken gjekk deretter nedover med eit lågpunkt rundt 1950, før han tok til å stiga igjen. Frå 1960-talet tok òg bruken av skrivemåten Christian til å veksa. Begge skrivemåtane var populære, og kvar brukt av rundt 1,0 % av nyfødde, på 1980-talet.

I 2009 var det 15 416 norske menn som heitte Kristian og 12 859 som heitte Christian.

Kjende namneberarar endre

Danske kongar endre

Under dansketida heitte annankvar konge Christian. Desse har gjeve namn til fleire nordiske byar, som Kristiansand og Kristianstad.

Andre endre

Kjelder endre