Opna hovudmenyen

Christine Bøe Jensen

norsk fotballspelar

Christine Bøe Jensen (fødd 3. juni 1975) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Hammerfest som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney.

Christine Bøe Jensen
Fødd 3. juni 1975
Hammerfest
Yrke fotballspelar

Jensen spelte på Tromsø-laget Fløya til 1998, deretter i Grand frå Bodø i to sesongar. Åra 2001-03 var ho aktiv i Kolbotn IL. Etter den tid spelte ho på lågare serienivå med oslolaga Manglerud-Star og Vålerenga.

I OL-sesongen 2000 og i 2001 deltok Jensen i 17 landskampar for Noreg og skåra to mål. Ho var innbytar i OL-finalen i Sydney, der Noreg sigra med 3-2 over USA på såkalla «Golden Goal».

MerittarEndra

  • Olympisk meister: 2000 med Noreg
  • Seriemeister: 2002 med Kolbotn IL

KjelderEndra